Måndag 25. Juni 2018



Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine. 

På handballfestival i strålande pinstivêr

Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er godt representert med seks lag. 

 

5500 handballspelarar frå fjern og nær blei velsigna med eit strålande pinstivêr då den 29. Handballfestivalen blei opna laurdag føremiddag. 

Blant dei vel 400 laga under årets festival finn me seks jentelag frå Fitjar; J11 fødde 2006 eller seinare, J12 fødde 2005 eller seinare, J14 fødde 2003 eller seinare, mini jenter 9 (2008) mini jenter 7 (2010) og mini jenter 9 (2008).

Jentene frå Fitjar hadde sett opp håret til den store anledninga, og markerte seg positivt under innmarsjen. Det same gjorde den "alle stader nærværande" Runar Øvrebø, som kjenner mange av jentene våre frå jobben som lærar ved Øvrebygda skule. Den offisielle opninga i år stod den gamle ringreven Frode Kyvik for. 

Me kjem tilbake med bilete frå ein del av kampane seinare. Om du vil sjå handball i pinsehelga, kan du sjekka kampoppsettet ved å gå inn på denne linken til Handballfestivalen

 


Jentene frå Fitjar utmerkte seg positivt under innmarsjen til Handballfestivalen; det same gjorde Runar Øvrebø, som ligg framfor jentene. 

 


Fitjar-jentene med trenarar og foreldre under innmarsjen laurdag føremiddag.

 


Tomine Helland har sett opp håret til Handballfestivalen.

 

 
Frode Kyvåg som handballdommar på Stord. Foro: Kjetil Rydland.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse