Måndag 25. Juni 2018


 


Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland. 

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men humørfylt tale ved Harald Rydland, og Toralv Røen fekk utdelt kulturprisen for 2017.

 

17. mai i Fitjar kultur- og idrettsbygg blei litt for ein kvar smak. Dei svoltne kunne meska seg med kaffi og dei lekraste kaker i foajeen. Og ungane leika seg i idrettshallen, medan dei vaksne fylte Kultursalen for å vera med på den mest alvorlege delen av programmet.

Konferansier Ole Bergesen hadde gleda av å introdusera ein bildekavalkade frå Fitjar, sett saman av Per Johan Vestbøstad. Den sette det vaksne, heimekjære publikummet i rette stemninga før utdelinga av kulturprisen for 2017.

– Eg kjenner ingen som er meir engasjert i frivillig arbeid, sa ordførar Wenche Tislevoll då ho presenterte kulturprisvinnar Toralv Røen. Han er truleg oppteken med frivillig arbeid kvar einaste dag, sa ho, og poengterte kor viktig arbeidet er for folkehelsa. 

Røen har vore sentral i etableringa av Seniorsenteret, og ulike aktivitetar for eldre. Vidare har han engasjert seg spesielt i friluftsliv. For tida arbeider han med merking og skilting av turstiar i Fitjarfjellet, og han har gått i bresjen for bygging av fleire gapahukar. I tillegg til fjellet har Røen engasjert seg i arbeidet med å setja i stand bygningane på Langøy i Fitjarøyane.

Som synleg prov fekk Røen utdelt ein skulptur av ein vandringsmann; noko meir høveleg kan knapt tenkjast. Og så fekk han ein blomsterbukett, men den delte kulturprisvinnaren med kona.

– Det hadde vore umogleg utan ei snill kona, sa han, Inger har vore heilt fantastisk!

Talen for dagen av Harald Rydland ser me fram til å sitera i sin heilskap i morgon, men me tar med noko av moralen: 

– Kjøp deg ikkje fleire ting og suter om du har nok etter før!

Dirigent Ole Christian Ottestad i Osternes Mannskor gledde seg over å opptre i det nye øvingslokalet til koret. Som kjent flytta dei for få dagar sidan frå Osternes skule, etter 84 år. 

– No er det kort veg for dei som vil vera med oss og syngja, sa Ottestad, og minte oss om at dei ønskjer å bli fleire. Og let oss vera med på ei lita reise. Me fekk høyra songar av Tora Vestbøstad, Steinar Kyvik og Bjørnstjerne Bjørnson .

Samlinga i Kultursalen blei avslutta med framsyning frå NRK sitt arkiv frå Fitjar 17. mai 1968. Dei fleste i salen var nok med og feira 17. mai på Fitjar for 50 år sidan også, og enkelte kjende seg nok att. 


Konferansier i Kultursalen, Ole Bergesen. Foto: Kjetil Rydland. 



Eitt av mange vakre bilete i kavalkaden som Per Johan Vestbøstad hadde sett saman. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Harald Rydland heldt ein humoristisk tale med ein alvorleg undertone. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kjell Håvik, Rasmus Fitjar og Ingolv Rimmereid i aksjon saman med resten av Osternes Mannskor i det nye øvingslokalet deira. Foto: Kjetil Rydland.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...
annonse
annonse

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton

23.06.2018 Kjetil Rydland

Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland. Rekordar i Midtfjellet Halvmaraton Løyperekordane fall...

Les meir ...
annonse