17. mai-stemninga på plass i Dåfjorden

Annar Westerheim i Dåfjorden har lagt ned ein imponerande innsats for å få hagen pynta til nasjonaldagen.

– Denne kunsten vart til med plenklipper og stuttorv, seier Annar Westerheim.

Han nyttar høve til å ønskje alle ei flott 17. mai-feiring.

Har du nokre blinkskot du har knipsa i løpet av dagen, og som du har lyst å dele med Fitjarposten sine lesarar? Send bilete til post@fitjarposten.no.

Gratulerer med dagen!

- Annonse -