Ordføraren ber om utbetring av vegen mot Vestbøstad

Terje Vestvik og ordførar Wenche Tislevoll er uroa over trafikktryggleiken på vegen mellom Fitjar og Vestbøstad, grunna manglande vedlikehald.

– Du har sikkert sett det sjølv, men vegen frå Fitjar sentrum til Reino er i svært dårleg forfatning. Seinast i helga var det nesteulukker der folk køyrer midt i vegen for å unngå slaghull i midten. Asfalten er i ferd med å gå i oppløysing, og klatting har det vore nok av.

Dette skriv Terje Vestvik i ein epost til ordførar Wenche Tislevoll. Han reagerer på lovnadar om utbetring av vegen som går heilt tilbake til 90-talet, utan at særleg mykje er gjort.

– Det vert sagt i -96, trur eg det var, at dette var eit midlertidig penetreringsdekke og at nytt dekke skule koma snart. Ein kan konkludere med at ordet «midlertidig» her er minst 22 år.

Ordføraren støttar hjartesukket frå Vestvik, og har sendt det vidare til Statens Vegvesen.

– Det er til dels så store hôl at det kan vere risikofylt å køyra opp i dei. Utan noko stor kjennskap til vegvedlikehald vil eg tru at deler av denne strekninga må gjerast nyasfaltering og ikkje berre lapping. Håpar dette blir ordna opp i snarast råd, skriv ordføraren.

Ho trekkjer også fram at det er svært dårleg dekke på vegstrekket mellom Breivik og Årskog på fylkesveg 545.

- Annonse -

– Her er det ikkje berre djupe spor, men store slaghôl. Me har også lenge jobba lenge for å få på plass fartsdump i sentrum mot Vestbøstad for å få kontroll på farten gjennom sentrum, utan å lukkast.

Harald Midtun i Statens Vegvesen kan ikkje love noko umiddelbar utbetring til ordføaren.

– Det er gitt signalar om auka ramme, og då vil denne vegen bli med når me prioriterar for tillegsløyvinga. Me kan likevel ikkje love 100 % at den får nytt dekke i år, fordi det er ca. 1500 kilometer med fylkesveg som er i same situasjon.