Marius Pedersen går først over mål under Karabinlekene på Fana Stadion. Foto: Bård Inge Bø. 

Fin Fitjar-innsats i Karabinlekene

Unge friidrettsutøvarar frå Fitjar markerte seg positivt under Karabinlekene på Fana Stadion i helga, og best gjekk det for Marius Pedersen, som vann lengde, 80 meter og 200 meter.

 

Marius Pedersen (11) markerte seg aller mest med siger i lengde med 4,30 meter, seks cm føre sin argeste konkurrent, Peter Bjørndal frå Gneist. Marius fekk såleis revansje frå dagen før då Bjørndal kasta seg først over målstreken på 60 meter, med Marius på 2.-plass. Tidene var 8,84 mot 8,98. 

 

På 600 meter fekk Marius ein ny 2.-plass, med den sterke tida 1.48,48 eit halvt sekund bak mellomdistansespesialist Amund Soldal frå Uskedalen, som fekk 1.47,95.

- Annonse -

Johannes Sandvik Bø (12) fekk ein flott 2.-plass i høgde med 1,33 m.  Halvor Livastøl Aga (13) sprang inn til ein fin pers på 600 meter med tida 1.50. Anna Sandvik Bø (14) fekk delt 3.-plass i høgde med 1,32 m.

 

Marius Pedersen vann i går både 80 meter og 200 meter. På 80 meter vann Marius klart på tida 11,84. Med tida 29,22  på 200 meter fekk han på nytt revansje over Peter Bjørndal, som slo han dagen før, opplyser trenar Bård Inge Bø. 

 

Fullstendige resultatlister kan du finna på denne linken til Karabinlekene

 

 

 

 

 

 

 


Bjart Sandvik Bø i lengde. Foto: Bård Inge Bø. 

 


Marius Pedersen nr tre frå høgre. Bjart Sandvik Bø med briller eit par hakk til venstre for Marius. «Uslåelege» Soldal lengst til venstre, eit hovud høgare enn resten. Foto: Bård Inge Bø.