Konfirmanten Birk Vestvik, mellom stolte foreldre, Kristin og Alf Helge, og tante og onkel, Laila og Stein Erik Hagenes. Foto: Kjetil Rydland.

Sola skein om kapp med konfirmantane

Konfirmasjonen i Fitjar blei velsigna med det beste vêret me kunne drøyma om, og tre gonger blei kyrkja fylt nesten til siste plass under gudstenestene denne helga. 

 

Det er godt at Fitjar for lengst har begynt med fleire konfirmasjonsgudstenester. Elles hadde det blitt mykje for liten plass. Under laurdagens gudstenester var til saman over 700 med på dei to øktene i kyrkja. I dag var vel 200 til stades, så til saman var altså god over 900 med på årets konfirmasjon i Fitjar

 


Fridleif Lydersen leier prosesjonen innover kyrkjegolvet. Foto: Kjetil Rydland. 

- Annonse -

 

Fitjarposten var til stades på den første gudstenesta, ei vakker og høgtidsfull gudsteneste med sentral forkynning. Vakkert var det då konfirmantane i sine i kvite kapper følgde Fridleif Lydersen i prosesjon over kyrkjegolvet, omgitt av slekt og vener med eit spel av ulike fargar i forskjellige festklede. 


Kvitkledde konfirmantar og festkledde gjester i kyrkja er alltid eit vakkert syn. Foto: Kjetil Rydland. 

 
Kyrkjelydsprest Fríðleif Lydersen leia liturgien medan sokneprest Olav Oma heldt talen for konfirmantane. Saman stod dei to prestane for forbønshandlinga, før kvar enkelt konfirmant fekk ei raud rose av klokkar Eli N. Simonsen.  

 
Høgtida blei avslutta med at Ingrid Bergesen song «Gabriellas Sång», før Fríðleif Lydersen leidde prosesjonen med konfirmantar ned kyrkjegolvet. Ei vakker avslutning på ei høgtidsam stund i kyrkja. 

 

Konfirmasjonsgudstenestene blei avvikla slik: 


Laurdag 12. mai kl.11.00

Birk Vestvik, Siren Vik, Marius Torbjørnsen, Mads Mikal Skumsnes Drønen, Martha Olsen Brandvik, Sofie Rimmereid, Clara Wohlrab, Carina Kristiansen Turøy, Tobias Vestbøstad, Stig-Arne Vesterheim Stadheim, Alexandra Maraas, Wiktoria Jadwiga Magdzinska, Cecilie Marie Eilerås, Natalie Steien, Emma Helene Ahrens Helland.


Laurdag 12. mai kl.13.00

Kyrre Thomassen, Stine Eggøy Nilsen, Daniel Prestbø, Oddbjørn Tufteland Thomassen, Emilie Skram Isdahl, Svanhild Gjøen Vestbøstad, Ida Taranger Alvsvåg, Liv Hanna Jordan Raunholm, Karen Lizeth Hjelmen Grimen, Nathalie Michelle Tranøy Tislevoll, Håvard Fitjar, Eline Fitjar Hjelle, Knut Eivind Grimen, John Martin Engesund Pedersen, Kristina Skogheim Seddon, Sebastian Knapstad Bakke, Marion Træet.


Søndag 13. mai kl.11.00

Ole Cato Tufteland, Eirin Moldestad Oma, Oda Volden de Fine, Victoria Malene Maraas, Ingvild de Fine Olsen, Mailinn Helland, Ole Sørensen Dalsgård, Leon Bernes, Anders Bukkøy Langeland

 

Våre hjartelegaste gratulasjonar går til alle konfirmantane. Me ønskjer lykke til vidare på livsferda.