Gneist-keeper Raymond Nesse jublar over 2-1 på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

A-laget gjekk på eit nytt tap

Gneist 2 var det beste laget på Fitjar-graset laurdag ettermiddag, og vann fortent 2-1.

 
Sola og grønfargen på graset i Fitjar Idrettspark var dei største lyspunkta for heimefansen under laurdagens 5. divisjons-oppgjer. Men nydeleg spelevêr og konfirmasjonsstemning var ikkje nok til å oppeldna Fitjar-spelarane til siger mot eit middels toarlag frå Bergens-klubben Gneist.

I 15-20 minutt hadde heimelaget grei kontroll på kampen, og spelte seg til fleire halvsjansar. Men etter 20 minutts spel kom Gneist veldig lett gjennom på høgrekanten, og Kristoffer Viken kunne scora enkelt.

– Er Fitjar ein mann mindre på banen? kunne me høyra frå fotballkunnig personell på tribunen. Det var dei ikkje; det såg berre slik ut. 

Etter kvart som kampen skreid fram, bar Fitjar-spelarane meir og meir preg av å vera dårleg samtrente. Ballen hamna på merkeleg vis «alltid» hos motstandarane på midtbanen. Sjølv om det var ein relativt jamn kamp, med like mykje banespel til kvart lag, var det langt farlegare kvar gong gjestene gjekk i angrep. 

- Annonse -

Rett nok utlikna Fitjar til 1-1 eit lite stykke ut i andre omgang. Scoringa kom ved Marius Helland Storebø, som var eit av få lyspunkt på Fitjar i dag. Men så mange fleire store sjansar hadde ikkje Fitjar. På stillinga 1-1 kunne kampen ha vippa begge vegar. Det var diverre ikkje ufortent at det var gjestene som fekk gleda av å avgjera med ei scoring ved Brede Nyhamn Brekke knapt ti minutt før slutt. 

Spelemessig var dette eit lite tilbakesteg etter sist me såg A-laget. Diverre manglar spelarane sprut og overskot, men slikt kjem vel av meir trening? Med seks kampar spelt – ein og to kampar meir enn dei andre laga i botnen – ligg Fitjar på 9.-plass på tabellen i 5. divisjon. Ny sjanse til poeng får i Bergen søndagg 27. mai, mot Loddefjord 2. Neste heimekamp i Fitjar idrettspark er fredag 1. juni.  
 


Marius Helland Storebø (22), eit av få lyspunkt på Fitjar i dag. Foto: Kjetil Rydland.


FITJAR – GNEIST 2: 1-2 (0-1)

Fitjar Idrettspark, laurdag 12. mai kl. 12.30 – seriekamp 5. divisjon avd. 03

Mål: 20. min. 0-1 Kristoffer Viken, 51. min. 1-1 Marius Helland Storebø, 83. min. 1-2 Brede Nyhamn Brekke.

Dommar: Karl Inge Nymark, Rubbestadnes IL

Gult kort: Preben Aardal Løtvedt, Gneist 

Publikum: 40

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Leif Tore Nesbø Aarland, Helge Myrmel Træet, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Bernt Ove Maraas, Kristian Træet, Lars Fitjar Waage, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fykse Lie, Marius Helland Stoirebø og Daniel Skarpnes. Innbytarar med speletid: André Helland, Ronald Skår og Leif A. Tangen. 

 


Enkelte valde konfirmasjon i Fitjar kyrkje, og det angra dei nok ikkje på. Foto: Kjetil Rydland.