Asbjørn Raunholm debuterte i Westcon Cup i går. Foto: Privat.

Asbjørn debuterte i Westcon Cup

Fitjar Skyttarlag hadde fire skyttararar i aksjon under Westcon Cup i går, og blant desse var debutanten Arbjørn Raunholm.

 

Dei ivrigaste skyttarane frå Fitjar Skyttarlag nytta Kristi himmelfartsdag til å skyta på banane i Etne og Haugesund. Denne gongen hadde dei fått med seg Asbjørn Jordan Raunholm, som debuterte i rekruttklassen med to stemne. 

Asbjørn er første års rekrutt og har trent saman med pappen sin, Svein Olav Raunholm, på Isdal i vinter og miniatyrbanan til Fitjar Skyttalag i vår. Han har også vore med og hjelpt til på Skyteskulen i regi Fitjar Skyttarlag.

Debutanten klarte seg godt, og til å vera første stemna hans leverte han gode resultat. Ymse vind, men han hadde flotte samlinger, så her er det berre øving på å lesa vind som gjer utslag. Så Asbjørn kjem til å gje rekruttklassen god konkurranse framover

- Annonse -

Ruben Kristoffer Tufteland brukte dagen til å skyta seg til en flott 3.-plass i ein sterk juniorklasse med 18 deltakarar. Han sette ny personleg rekord på 347 poeng.

Fitjar Skyttarlag hadde fire skyttarar i aksjon i går, og her kjem resultata.

Fikse skytebane i Etne: 
Asbjørn Raunholm 312
Lars Sigurd Tufteland 330
Ruben Kristoffer Tufteland 347
Anita Bakkane 231

 
Haugesund:
Asbjørn Raunholm 323
Lars Sigurd Tufteland 341
Ruben Kristoffer Tufteland 343
Anita Bakkane 247

Me minner om at det er Fitjar Skyttarlag inviterer til Skytingens dag på skytebanen i Årskog førstkomande søndag.