Frå hagen i Bekkjarvik under diakonituren i fjor: Foto: Fríðleif Lydersen.

Bli med på diakonitur til Sveio!

Diakoninemnda i Fitjar kyrkje held fram tradisjonen, og årets diakonitur går til Sveio 30. mai.

Det er fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen som skriv dette i ei pressemelding: 

Diakoninemnda i Fitjar brukar å ha ein årleg diakonitur på vårparten. Dette er kjekke dagsturar med god stemning. 

I fjor var vi i Austevoll men i år går turen til Sveio. Vi reiser til Sveio onsdag 30. mai. Vi skal mellom eta lunsj ein plass i Sveio, besøkja Rhododendronparken Rex Garden i Førde og ha ei andaktsstund i ei av kyrkjene. 

Du kan melda deg på i kundetorget i kommunen. Om du vil vita meir sjå kyrkja si heimeside eller i kyrkjebladet. 

- Annonse -

Diakoninemnda