Ole André Stokken på Skytingens Dag i fjor. Foto: FP-arkiv/KR. 

Bli med på Skytingens Dag!

Fitjar Skyttarlag arrangerer Skytingens Dag søndag 13. mai 2018 på skytebanen i Årskog.

 

– Skytingens Dag er skyttarportens nasjonaldag, og vi ønskjer at nettopp du blir med oss når vi søndag den 13.mai kl. 14-16. Me markerer denne dagen med eit enkelt og uformelt arrangement på Årskog skytebane, skriv leiaren i Fitjar Skyttarlag, Anna-Bodil Tislevoll i ei pressemelding. 

Her vil det bli gitt ein presentasjon av organisasjonen og aktiviteten i skyttarlaget, og det blir gitt høve til å prøva seg som skyttar. Våpenet som blir nytta i dette høvet, er i kaliber .22 LR, som er rekylvennleg og ikkje støyar. Blinken du skal treffa står på 100 meter.

 
Skyttarlaget vil presentera laget og organisasjonen, Det Frivillige Skyttarvesen, denne dagen. Du får låna gevær, og ammunisjonen er gratis. 

- Annonse -

Det vil også bli delt ut premier til deltakarar som var med på haustens Miniatyrskyting.

Vi har open kafe! Velkommen til oss, og ta gjerne med deg nokon du kjenner! skriv leiar Anna-Bodil Tislevoll i Fitjar Skyttarlag til slutt.

Sjå kva me skriv på Fitjarposten om Skytingens dag i fjor.