Sundag 27. Mai 2018


Blei rørt av pengegåve frå Fitjar Kraftlag

Agnar Aarskog deler ut gåvesjekken til leiar i Fitjar skyttarlag, Anna Bodil Tislevoll. Foto: Jonas Sætre

Fitjar Skyttarlag fekk heile 120.000 kroner under utdelinga av almennyttige føremål frå Fitjar Kraftlag.

– Eg blei heilt rørt og måtte lese brevet fleire gonger, seier Anna Bodil Tislevoll i Fitjar Skyttarlag.

Organisasjonen fekk svært god repons på søknaden dei sendte kraftlaget, om støtte til ny skytebane.

– Eg veit at de lenge har halde på i kummerlege kår i kjellaren i Fitjartun. Me syntes dette er eit så viktig prosjekt at me hadde lyst å grave djupt i lommene, sa styreleiar i Fitjar Kraftlag, Agnar Aarskog.

Skyttarlaget skal investere 2,4 millionar i eit nytt bygg med ein 15 meters miniatyrbane.

– Håper er å realisere bygget til neste år. Me har fått godkjent alle planane og har allereie starta å kutte ned trer, seier Tislevoll, som fortel at mykje av arbeidet vil bli gjort på dugnad.

Mange blide og takksame fjes å sjå frå lag- og organisasjonslivet i Fitjar. Foto: Jonas Sætre

Fitjar Kraftlag delte ut til saman 519.000 kroner i ålmennyttige føremål, etter å ha lagt bak seg eit år med eit svært solid resultat.

– Det er ein stund sidan me har delt ut ein så stor sum. Dette er det kjekkaste arbeidet me gjer i styret. Me synest alle har gjort seg fortent til kvar krone me deler ut, seier Aarskog.

Dei andre aktørane som fekk mest midlane var Stord-Fitjar turlag, som fekk 100.000 til finansiering av ny lysløype mellom Svartavatnet og Olstjødno. Fitjar idrettslag fekk også 100.000 kroner for det viktige arbeidet dei gjer med barn og unge.

Ambulansesjåfør Ove Røstbø demonstrerer den nye hjartekompresjonsmaskinen dei har fått. Foto: Jonas Sætre

Ein av dei som blei svært glad for gåvetildelinga var ambulansesjåfør Ove Røstbø i Stord ambulanseteneste. Gåva frå Fitjar Kraftlag på 10.000 kroner er med å finansiere eit heilt nytt apparat, som kan vere med å redde liv.

Utanfor kraftlaget sitt kontorbbygg demonstrerte han hjertekompresjonsmaskinen som dei har på lån, og som dei no skal investere i. Den kan utføre hjertekompresjonar automatisk under livredning, ein prosess som er svært slitsom å gjere manuelt. Maskinen er ikkje dekt av det offentlege, men blir altså finansiert av av ambulansearbeidarane sitt velferdslag.

– Me er svært stolte av å ha finansiert dette på eiga hand, seier Røstbø, som fortel at det berre er Stord og Haugesund som vil ha ein slik maskin i helseføretaket.

Dette er alle tildelingane frå Fitjar Kraftlag i år:

Fitjar racingteam                               kr     8 000

Velferdslaget Stord ambulanse          kr   10 000

Fitjar frivilligsentral\                          kr   25 000

Fitjar eldreråd                                   kr     5 000

Fitjar idrettslag                                  kr 100 000

Stord Fitjar demensforening              kr     5 000

Strand Motorsport                              kr     5 000

2003 kullet Rimbareid skule               kr   26 000

Fitjar musikklag                                 kr   25 000

Stord Fitjar røde kort hjelpekorps      kr   15 000

Osternes mannskor                            kr   15 000

Fitjar skyttarlag                                 kr 120 000

Dåfjorden Velforening                       kr   10 000

Fitjar skulekorps                                kr   30 000

Fitjar shotokan karateklubb               kr   20 000

Stord – Fitjar turlag                           kr 100 000

Sum                                                   kr 519 000

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse