Sundag 27. Mai 2018



Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR. 

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif 

Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

 

Fitjarbuen Bjørg Strømme er som kjent leiar i Hordaland Bygdekvinnelag. Ho fortel at fylkeslaget inviterer til BYGDEKVINNESTREIF på Dalheim Ungdomshus, saman med Omvikdalen Bygdekvinnelag. 

Her vil Sosan Mollestad vil presentera prosjekt «KvinnerUT». Norges Bygdekvinnelag ønsker å setja fokus på «inkludering» og «integrering» i organisasjonen gjennom aktivitetar i regi av lokallaga, og kompetanseheving blant medlemmene.

Med stønad frå Gjensidigestiftinga satsar Norges Bygdekvinnelag i 2017 og 2018 på å fremja og styrka inkluderingsarbeidet i organisasjonen gjennom prosjektet «KvinnerUT». 

Målet med prosjektet er å etablera møteplassar og kvinnenettverk som styrker minoritetskvinner og tilflyttarar si deltaking i lokalsamfunnet og hevar integreringskompetansen til bygdefolket. Hovudinnsatsen handlar om «å få kvinner ut» og skapa samhald gjennom felles aktivitetar i nærmiljøet.

Etter lunsj vil forfattar Bjørn Steinar Meyer  fortelja om boka si, der han  presenterer bondekvinnelagsføraren Olga Bjoner.

– På streifen får vi og eit spennande kulturelt innslag, lovar Bjørg Strømme i pressemeldinga. 

Til Bygdekvinnestreifen kjem det alltid mange bygdekvinner frå lokallaga i Hordaland. Streifen er opne for alle, og påmelding kan skje til  Grethe Brundtland på telefon  99 53 77 90 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Bjørg Strømme tlf.48135758 e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse