Tirsdag 24. April 2018



Det er lite plass til overs i Sentrum når politiet og Klepp Spesialtransport kjem med vindmøller. Foto: Kjetil Rydland. 

STORE VENGJER GJENNOM SENTRUM!

I kveld kom vengjene til den første av dei nye møllene i Midfjellet, og dei gigantiske vengjeblada måtte lirkast med list og lempe gjennom Sentrum.

 

No er transporten av dei nye møllene i gang for fullt; den går med politieskorte frå Eldøyane lags E39 og vidare på fv. 545 gjennom Fitjar sentrum før dei dreg til fjells. Me har allereie fått ein del "mindre" delar, og i går kom dei aller tyngste, nemleg tårnet.

 


– Kan dette gå bra då? undrast Ronny Korneliussen og Kristian Nordfonn. Foto: Kjetil Rydland.


Transporten i går passerte i "fint driv" ikkje så langt under fartsgrensa og utan komplikasjonar av noko slag. Den mest spektakulære transporten skjer i kveld, når dei tre vengjeblada skal til fjells. Då den første vengja nærma seg, hadde det samla seg ein god del skodelystne, som følgde spent med.

– Går dette bra? Tar vengjespissen med seg flaggstonga eller taket på bankbygget?

Etter at det svære vogntoget hadde vore ein tur ute på plenen, svinga det elegant det svære møllebladet på 58,5 meter gjennom den krappe svingen i Sentrum. Og så gjekk det radig vidare oppover forbi kyrkja og opp til Rimbareidfeltet, der politiet takka for seg og sette kursen mot Eldøyane for å eskortera neste transport.

Transporten vidare oppover fjellet såg ut til å vera rein plankekøyring, og no er møllebladet i ferd med å slå lag med "frendane" sine oppe i Midtfjellet.

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Erik Mortensen, fortel at kvar turbin utgjer seks billass. Fram til slutten av juni vil me oppleva 66 slike store transportar før alle dei nye møllene er på plass i fjellet. 

Dermed vil me få rikeleg høve til å beundra dei enorme mølledelane. Men me minner publikum på å ta omsyn, og ikkje koma i vegen for det spanande arbeidet til transportørane. 

 


Vengjespissen går akkurat klar taket på bankbygget. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Transportøren kom seg ikkje rundt den krappe svingen utan å trakka på plenen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Frå ein "liten" transport av ein "hub" i førre veke. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Strandabasaren lever!

23.04.2018 Kjetil Rydland

Driftige misjonskvinner driv Strandabasaren vidare, f.v. Bodil Nesse, Tordis Eide, Else Hovland og Reidun Børtveit. Foto: Håkon C. Hartvedt.  Strandabasaren lever! Tradisjonen tru fylte Strandabasaren laurdag ettermiddag bedehuset nesten til siste plass, og stemninga...

Les meir ...

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breib…

23.04.2018 Jonas Sætre

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breiband enn dei som bur sør på øya Spreidt busetnad gjer at fiberbreiband frå Fitjar Kraftlag er langt dyrare enn for dei som får breibandet gjennom...

Les meir ...

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bøml…

22.04.2018 Kjetil Rydland

Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar.  Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som...

Les meir ...
annonse

Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld i kyrkja om skam, skuld og opp…

23.04.2018 Kjetil Rydland

Unndis Bergås, psykolog og tidlegare misjonær.  Temakveld i kyrkja om skam, skuld og oppreising Førstkomande torsdag er det igjen temakveld i Fitjar kyrkje, den siste i vår. Denne gongen er det psykolog...

Les meir ...
annonse