Ein gjeng lovande skyttarar på skutebanen i Årskog; bak f.v. Henrik Træet, Rune André Holmedal, Johannes Tufteland og Ola Sigurd Vestbøstad; framme f.v. Felix Joelsson, Imre Havn, Malin Navdal Vikbog og Eldrid Fitjar.

Fitjar Skyttarlag rekrutterer ungdom med skyteskule

Eldsjeler i Fitjar Skyttarlag stiller store voner til rekrutteringa i laget etter at ein heil flokk ungdommar har blitt med på skyteskulen. 

 

Godt og vel eit dusin unge er med på skyteskulen som pågår i desse dagar i regi av Fitjar Skyttarlag. Og tiltaket ser allereie ut til å bli ein suksess. Dette er eit rekrutteringstiltak som er utvikla av Det Frivillige Skyttervesen.

Utdanningsopplegg er berekna på nybyrjarar i alle aldrar med fokus på skyteteknikk og sikker våpenhandtering. Dei unge skyt med skyttarlaget sine rekruttgevær Sauer kaliber .22. Skyteskulen går over fem kurskveldar med følgjande tema: Tryggleik, sikting, liggjande skytestilling, avtrekk og pusting, og oppsummering. 

Deltakarane i Fitjar er delte i to grupper og møter høvesvis kvar måndag og onsdag under kyndig leiing av rutinerte skyttarar i Fitjar Skyttarlag. Ansvarlege for gjennomføringa er Anita Bakkane, Kjell Kristian Midsæter, Geir Raunholm og Svein Olav Raunholm. I tillegg har dei god hjelp av fleire ungdommar; Ruben Kristoffer Tufteland, Lars Sigurd Tufteland, Julie Midtsæter, Eirik Fitjar og Asbjørn Raunholm.  

- Annonse -

Anita Bakkane og dei andre instruktørane går rundt og rettleiar ungommane på standplass. I glasburet sit standplassleiar Kjell Kristian Midtsæter og gir sine instruksar. I går vikarierte ungdommane Ruben Kristoffer og Lars Sigurd Tufteland med bravur i denne funksjonen. 

Då er det berre å kryssa fingrane og vona dei nye skyttarane finn seg til rette i Fitjar Skyttarlag. 

  

 
Jonathan Midtsæter, Helena Solli, Einar Auestad, Joakim Bakke, Thomas Seddon, Lars Olai Solli og Johannes Tufteland er klare til å fyra av. Monika og Cecilie Eilerås er også på denne gruppa. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Anita Bakkane instruerer. Foto: Kjetil Rydland.

 


Imre Havn følgjer med på istruksjonen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Anita Bakkane instruerer Felix Joelsson og Imre Havn. Foto: Kjetil Rydland. 


Kjell Kristian og Julie Midtsæter. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sluttstykket er teke ut, og skyttarane kan studera resultatet på skjermen. Foto: Kjetil Rydland.