Vinnarane av det første bocciaslaget me har sett på Fitjar; f.v. Askel Ytrenes, Johannes Nesbø og Hildur Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Boccia på Fitjar!

Måndag føremiddag starta Seniorsenteret opp med boccia i ballbingen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg, og ti røynde seniorar møtte opp til særs fredeleg kappestrid. 

 

– Dette er sydfrukter, sa Askel Ytrenes, som stod for den første organiserte bocciakampen me har sett her på våre kantar. 

Han sikta naturlegvis til at han – til liks med fleire av dei andre rutinerte deltakarane – har lært dette populære spelet i Syden. Han fortel at det ofte er 50-60 deltakarar når sjømannskyrkja i Albir i Spania arrangerer boccia.

Men ti seniorar var då eit bra knippe deltakarar på den første bocciaen. Dei blei delte inn i tre lag, med ulika fargar på ballane sine. Askel Ytrenes stod for instruksjonen, medan kona, Gunvor Ytrenes, var sekretær og sørgde for at dei rette vinnarane blei kåra til slutt.

- Annonse -

I byrjinga viste Sverre Torland seg som den suverent beste, og viste at dette hadde han gjort før. Men etter kvart kom dei litt yngre spelarane meir med, og til slutt var det Askel Ytrenes, Johannes Nesbø og Hildur Fitjar – med dei gule ballane – som vann med eitt poeng føre Sverre sitt lag. 

I dag var det sparsamt med premiar, men Askel Ytrenes reknar med at det kan vanka både kaffi og vaflar på dei som møter opp til neste bocciaslag,  måndag om ei veke, same tid og same stad!

Meir om boccia kan du lesa på Wikipedia

 


Sverre Torland fekk vist at han har godt tak på boccia. Foto: Kjetil Rydland. 


Ni seniorar følgjer spent med når Petter Hoff kastar ballen. Foto: Kjetil Rydland. 


Her må Askel Ytrenes ta fram målbandet for å finna ut kva for ein ball som ligg nærmast den kvite grisen. Foto: Kjetil Rydland.