Sundag 24. Juni 2018



Frå søppelberget på Ålforo. Foto: Linda Bukkøy. 

Søppelberget på Ålforo

Linda Bukkøy, som har vakse opp i Fitjarøyane, er sjokkert over kor mykje søppel det er på heimtraktene hennar. Ho har sendt oss ein del skræmande bilete og eit lesarbrev som du kan sjå nedanfor.

 

Som oppvaksen i Fitjarøyane har eg heile min barndom og ungdomstid gått i strendene og vikane i dei vakre øyane og holmane. Når eg sjølv fekk born, har eg vist dei alle dei flotte plassane eg har tråkka, bada og leitt etter skattar. Då var det kanskje ei framand flaske som var rekt til lands eller ei bøtte.

Men det som skræmer meg, er at det kjem meir og meir boss inn til lands. Spesielt Ålfåro, som er den største av alle øyane i Fitjar kommune, er ramma av eit søppelberg eg aldri hatt sett maken til. Og då tenkjer eg spesielt på Sætravågen, som ligg nokså midt på Ålforo, med munning mot sør/sørvest, med Nyleia rett inn.

Her ligg så mykje plast og tau at ein kan mista nattesøvnen. Eg sette i gang ein dugnad fredag 13. april, fekk med meg mine foreldre, som er over 70 år, min ektemann, tre av mine born og eit barnebarn på snart 3 år. Me 8 satte i gang å plukke plast, tauverk og anna boss, men etter kvart som me plukka plukka, fann me nye på nye lag med plast. Plasten ligg altså på lag etter lag nedover mosen og sanden, godt innblanda i all tang som låg i stranda.

Når me såg på datostemplinga, viste det seg at mykje av bosset stamma frå frå 80- og 90-talet. Men også mykje av bosset var nyare, tydeleg bruksutstyr frå nærliggjande industri. Etter tre timar hadde me 12 stappfulle sekker som me tok med oss og fekk levert på SIM.

Men det er diverre mykje plast og tauverk att, så om me skal få den flotte stranda vakker igjen, må større krefter til. Eg håpar med dette at det vil bli eit større fokus på Ålforo med så mykje skipstrafikk og straum som fører med seg plast og anna søppel mot vikane.

Mvh Linda Bukkøy

 


Foto: Linda Bukkøy. 

 


Foto: Linda Bukkøy. 

 


Foto: Linda Bukkøy. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse