Fitjar kammerkor kjem til Kråko med konsert.  

Pubkonsert på PS Bryggekafé

Laurdag 28. april blir det pubkveld og konsert med Fitjar kammerkor på PS Bryggekafé i Kråko.

 

Velkommen til ein triveleg kveld med lett og variert musikk!, skriv Kråkoposten i aprilnummeret sitt.

Vertskapet på Port Steingard inviterer til pubkveld og konsert med Fitjar kammerkor på PS Bryggekafé laurdag 28. april. 

Fitjar kammerkor, leia av Helge Haaland, vil presentera ein svært pub-vennleg del av repertoaret, prega av jazz, swing og ei og anna drikkevise. Ole Bergesen vil binda det heile saman med anekdotar frå Fitjar kammerkor si brokete fortid, eller kva han no vil fortelja om.

- Annonse -

– Ole har eigentleg fått frie tøyler, heiter det i artikkelen i Kråkoposten.

Frå heimesida www.krako.no har me saksa litt om PS Bryggekafé: 

PS Bryggekafé

I hjartet av Kråko finn du PS Bryggekafé; i Port Steingard, som vi kallar næringsområdet på Steingardseid, midt i Kråko. For informasjon om åpningstider og spesialarrangement, sjå PS Bryggekafé si Facebookside