Johannes Bø, Marius Pedersen, Bjart Sandvik Bø og Marius Kongestøl Vik, stolte representantar for Fitjar-friidretten i Parkløpet på Stord. Foto: Dan Torbjørnsen. 

Parkløpet på Stord: Fin Fitjar-innsats i det fine vêret 

Ein stor kontingent Fitjar-løparar var med og sette sitt preg på Parkløpet, som blei avvikla ved Stord Golfpark i Prestagardsskogen laurdag.

 

Parkløpet er etter kvart blitt ein fin start på vårsesongen, og i år var vêret på sitt beste. Fitjar mønstra mange deltakarar i alderen fem til 15 år. 

Yngste deltakar frå Fitjar var Oliver Kongestøl Vik, som kjempa seg gjennom den 350 meter lange løypa. Av andre rekruttar som deltok var Tori Torbjørnsen, som gjorde ein fin figur i eit av heata i 9-årsklassen. 

Bjart Sandvik Bø, Marius Pedersen, Johannes Bø og Marius Kongestøl Vik starta alle i same heat. Her vart me igjen imponert over tempoet til Marius Pedersen. 1.54 på 600 meter i terreng er rett og slett imponerande. 

- Annonse -

Halvor Livastøl Aga hadde ein skikkeleg fight med ein lokal stordabu, og kom i mål nokre tidelar for seint til å bli kretsmeister. 2.-plass var likevel ei flott plassering. 

Anna Sandvik Bø vart kretsmeister i sin klasse, medan Marius Torbjørnsen fekk ein fin 2.-plass, berre slått av Stord-løparen Erlend Kringeland. 

 


Marius Pedersen (292) imponerte i Parkløpet. Foto: Dan Torbjørnsen.

 


Halvor Livastøl Aga (296) kjempar om sigeren i Parkløpet. Foto: Dan Torbjørnsen. 

 


Marius Kongestøl Vik (294) og Bjart Sandvik Bø (291) i Parkløpet. Foto: Dan Torbjørnsen.