Fitjar står med null poeng etter to kampar sjølv om Bernt Ove Maraas har gjort sine saker bra så langt. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget tapte etter baklengsmål på overtid

A-lagsgutane til Fitjar blei sende tomhendte heim frå Manger laurdag ettermiddag etter at heimelaget hadde avgjort kampen fem minutt på overtid.

 

– Dette var ikkje fortent, seier Fitjar-trenar Leif D. Steensohn etter det sure tapet på Manger. 

 
Han fortel om ein jamn kamp mot nyopprykte Radøy/Manger laurdag ettermiddag, og gutane hans hadde sjansar nok til å avgjera kampen til sin fordel.

I sluttminuttet måtte Radøy/Manger redda på streken, og i staden for at Fitjar skulle få sjansen til å hanka med seg alle tre poenga, kontra heimelaget. Etter fleire cornerar på overtid, lukkast heimelaget i å overlista Fitjar-keeper Oddgeir Træet. Heile fem minutt på overtid var det sjølvsagt for seint å snu kampen for Fitjar, som måtte tola eit nytt nederlag i årets 5. divisjon. 

- Annonse -

Trenar Steensohn er naturlegvis skuffa over resultatet, og spesielt måten kampen blei avgjort på. Men han er mykje betre fornøgd med prestasjonen til gutane denne gongen. Innsatsen var god, men han er klar på at kvaliteten må bil betre. 

– Det var enorm framgang sidan sist! seier han fornøgd. Men vedgår at det burde det vera òg. No vel han å ta med seg det positive frå dagens kamp, og vonar gutane stiller på trening, slik at dei får førebudd seg skikkeleg til neste kamp. 

Ny sjanse til poeng i årets 5. divisjon får A-laget komande fredag mot Bremnes på Olvondo Stadion. 

 

RADØY/MANGER–FITJAR 1-0 (0-0)

Manger kunstgras, laurdag 14. april kl. 16.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 03

Mål: 95. min. 1-0

Gult kort for Fitjar: Rezwan Mahammad Kadir og Jonas Yang Tislevoll

Dommar: Zoran Radojkic, IL Løv-Ham

Fitjar sitt lag (4-3-3): Oddgeir Træet, Bernt Ove Maraas, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Værness Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Kristian Træet, Torbjørn Korsvik, Marius Helland Storebø, Rezwan Mahammad Kadir og Jonas Yang Tislevoll. 
Innbytarar med speletid: Daniel Skarpnes og Azwan Kadir.