Det lyser ikkje mykje i toppen av denne masta i Havn. Foto: Kjetil Rydland.

Defekt veglys i Havn

I krysset mellom Havnavegen og Vestre Bakkavegen står ei naken lysmast og gaper mot himmelen.

 

I gleda over alle dei nye veglysa på Rimbareid og oppe i Bygdo har me heilt oversett den nakne lysmasta i Havn.

Huseigarar i nabolaget fortel at det kom folk og henta lykta ein gong i fjor, og ho har ikkje kome på plass igjen enno. Derfor er det ikkje mykje lys i vegkrysset i Havn. No går det heldigvis mot lysare tider, men veglyset bør koma på plass att.

Me minner om kva me skreiv om defekte veglys på Fitjarposten i januar i fjor. Her ber ordførar Wenche Tislevoll publikum om å melda frå til kundetorget i Fitjar kommune, tlf. 53 45 85 00, om dei veit om veglys som ikkje er i orden.

- Annonse -

Me gjentar oppmodinga, ta kontakt med Fitjar kommune om du ser defekte veglys. 

 


I Havnavegen, i krysset med Vestre Bakkavegen, står den nakne lysmasta. Foto: Kjetil Rydland.