Kristin Sørsdal kjem til Fitjar med foredraget «Vegen til Europa». Foto: Jan Lillebø.

Vegen til Europa

Kristin Sørsdal held foredrag om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet – vår yttergrense mot sør og aust – på biblioteket onsdag 18. april.

 

Det er Silje Torbjørnsen ved Fitjar folkebibliotek som skriv dette i ei pressemelding. 

Kristin Sørsdal har dei siste fire åra kryssa grensene mellom Norge og Italia årleg i sitt arbeid blant anna som Ferrante-omsettar, alltid med tog gjennom Europa. Eller båt. 

 

- Annonse -

I 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med romanen Mare (Samlaget 2017). I 2015 og 2018 har ho vore tilbake på øya. I dei same åra – då velkomstretorikken til Merkel blei overtatt av invasjonsretorikken til Victor Orban – har ruta til og frå Norge ofte gått gjennom Hellas, Makedonia, Serbia og Ungarn, med lange opphald som frivillig flyktninghjelpar i Hellas – og i Roma. 

 

I 2016 omsette ho sakprosaboka La frontiera av italienske Alessandro Leogrande (Grensa, Cappelen Damm 2017): ”Ei verktøykasse for alle som ønsker å sette seg inn i europeisk yttergrensekontroll, opne passasjar og murar dei siste 10–15 åra.” 

 

Foredraget er forma som ei personleg reise driven av eit ønske om å sjå sjølv det media enten ikkje ser lenger, eller blæs opp i sitt sug etter krise- og katastrofemaksimering.

 

Om Kristin Sørsdal (1966).

Lærar, forfattar og omsettar. Har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, er omsettar m.a av bøkene til Elena Ferrante, har gitt ut tre romanar på Samlaget, Makabre bikkjer (2010), Guds hund (2013), Mare (2017).