Tirsdag 24. April 2018



Jacob Mehammer, Thea Træet, Alice Rose Mehammer og Ole R. Rørvik sjarmerte på scenen som ABBA. Foto: Kjetil Rydland. 

ABBA-FEBER I FITJAR!

Når Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag byr opp til konsert, har publikum etter kvart fått store forventningar til gode musikalske opplevingar.

 

Dette vert oppfylt nesten frå første tone og ikkje minst med det synet som møter oss når sceneteppet opnar seg. Det er eit imponerande syn med ca 70 stilige musikantar i alderen 7–60 år som opnar showet med stykket Abba gold. Dei spelar med god balansert lyd og presisjon, stødig dirigert av Svein Roger Koppang. 


Svein Roger Koppang dirigerer korpset medan 10.-klassingane Alice Rose Mehammer og Thea Træet er solistar. Foto: Kjetil Rydland.

 

Konferansierar denne kvelden er Sissel Jørgensen og Terje Træet, kjende namn frå revy og teater i Fitjar. Dei losar oss gjennom kvelden med sine verbale, morosame og uhøgtidlege kommentarar som gjer sitt til at stemninga er god allereie frå starten av. 

Så kjem dei fleste Abba-slagerane på rekke og rad, der Thea Træet, Alice Rose Mehammer, Ole Rimmereid Rørvik og Jacob Mehammer er songsolistar. Nokre er solomummer, nokre er duettar, og på ein del songar ER dei ABBA der alle fire som syng saman. Og for ein prestasjon dei gjer! Dei er så trygge på scenen, kan songane godt, og syng svært bra. Dei dansar sjarmerande, og har gitt fleire songar ein enkel koreografi som fungerer svært godt. Stemmene står godt til kvarandre, og dei formidlar glede og musikalitet til publikum. Alt er stilig gjennomført med flotte og tidsriktige kostyme. Her er bøttevis med sjarm, og me blir sjarmert i senk!  Det er rett og slett imponerande av desse fire ungdommane.  

Stemmene kjem sjølvsagt betre fram under dei neddempa songane, der det berre er piano som er akkompangnement. Då let me oss imponera av gode songprestasjonar, og blei grundig sjarmert av Fitjar sin nye smørsongar, Ole Rimmereid. Eller som Sissel sa, Julio Iglesias kan berre gå å leggja seg! 

Guro Rimmereid er stødig på flygelet, og samspelet med solistane er nydelig. 

Tor Håkon Aarbø si framføring på flygel av Queen-låten, «Don`t stop me now» er krevjande og har høg vanskegrad, noko han løyste på ein imponerande måte. Fortent jubel og applaus til han! 

Thea og Alice Rose har mange songnummer, og klarer å halda eit høgt nivå under heile konserten. Det er godt gjort av så unge jenter. Og når gutane klarer å kora presist og halda tunga beint i munnen på blant anna «Take a chance on me» er det så kjekt å vera på konsert, å få oppleva i lag med så mange at Fitjarbygda har så mykje bra å by på.

Me har ikkje gløymt korpset – dei spelar svært bra, og samspelet med solistar er prima, noko dirigenten sjølvsagt skal ha æra av. Han har jobba systematisk og godt i fleire år, og som gjer at dei kan setja opp ei slik stor forestilling som denne Abba-konserten.

Ståande applaus og blomar og roser til dei involverte har sjeldan vore meir fortent.

Skulesjef John Karsten Raunholm var og framme med blomar til Koppang, og var full av lovord over kva Fitjar får til, og rosa spesielt dirigenten for hans leiarskap. 

Abba-feberen varer til og med i morgon, då er siste forestilling kl 17.00 i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Denne sjansen bør ingen la gå i frå seg! Og er ikkje feberen gått ned for dei som var i dag, gå berre ein gong til – for  Mamma Mia for eit show!

Bravo!

 


Konferansierane Sissel Jørgensen og Terje Træet leia oss gjennom progrmmet på ein fortreffeleg humoristisk måte. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Elvis Presley konferansier i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Søskenparet Jacob (18) og Alice Rose (15) imponerte i lag på scenen. Kjetil Rydand.

 


Skulesjef John Karsten Raunholm takka på vegner av Fitjar kommune, og delte ut velfortente blomar til dirigent Svein Roger Koppang. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Julio Iglesias? Nei, dette er Ole Rørvik. Foto: Kjetil Rydland.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Strandabasaren lever!

23.04.2018 Kjetil Rydland

Driftige misjonskvinner driv Strandabasaren vidare, f.v. Bodil Nesse, Tordis Eide, Else Hovland og Reidun Børtveit. Foto: Håkon C. Hartvedt.  Strandabasaren lever! Tradisjonen tru fylte Strandabasaren laurdag ettermiddag bedehuset nesten til siste plass, og stemninga...

Les meir ...

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breib…

23.04.2018 Jonas Sætre

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breiband enn dei som bur sør på øya Spreidt busetnad gjer at fiberbreiband frå Fitjar Kraftlag er langt dyrare enn for dei som får breibandet gjennom...

Les meir ...

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bøml…

22.04.2018 Kjetil Rydland

Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar.  Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som...

Les meir ...
annonse

Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld i kyrkja om skam, skuld og opp…

23.04.2018 Kjetil Rydland

Unndis Bergås, psykolog og tidlegare misjonær.  Temakveld i kyrkja om skam, skuld og oppreising Førstkomande torsdag er det igjen temakveld i Fitjar kyrkje, den siste i vår. Denne gongen er det psykolog...

Les meir ...
annonse