«Norge Rundt» i OnarTun

Fyrstkomande laurdag inviterer Osternes mannskor og Tysnes kammerkor til ein spennande kabaretkveld på Onarheim.

I fellesskap skal dei to kora framføra eit variert og rikhaldig program med songar frå heile landet. Dette er interkommunalt korsamarbeid av beste sort. Meir enn 20 nummer står på programmet. Fem solistar skal i aksjon. I Osternes mannskor er det Gurid Refvik og Tom Rydland som tek seg av solistrollene. Tysnes kammerkor sine solistar er Benedikte Nygård, Øystein Flakke og Lise Skjåk Dalen.

Den dyktige og allsidige korgjengen frå Fitjar har tidlegare gjort stor lukke med «Norge Rundt» -programmet sitt. På laurdag får Tysnes kammerkor høve til å vera med på songturen gjennom heile landet frå nord til sør og aust til vest. Til dei ulike regionane blir det knytt intervju og lokal karikatur. Festlege innslag som vil skapa både lått og stemning.

Arrangementet skal vera i i «kulturstovo» i OnarTun. Gerhard Meidell Alsaker sitt store senter som vart opna med pomp og prakt i fjor sommar. På den korte tida etter opninga har det allereie vore ei rekkje arrangement der. Konsertlokalet har m. a. eit flott og splitter nytt flygel. Utanom mykje song og musikk i programmet vil publikum få servert betasuppe, kaffi og kaker, og det blir lynutlodding. For dei som vil dansa blir det høve til det utover kvelden. Med andre ord er det all grunn til å ta turen til Onarheim laurdag kveld.

Bildetekst: Sopranane i Tysnes kammerkor under øving til kabareten «Norge Rundt».

- Annonse -