I 22-tida i går kveld passerte Aasta Hansteen-slepet cruiseskipet AIDA, som var på veg sørover. 

– Trongt i Nuen i går kveld!

Langs Nuen var det mange som hadde orkesterplass til det gigantiske Aasta Hansteen-slepet då det passerte i går kveld.

 

I stovene på Strando er det mange som har veldig godt høve til å følgja med på skipstrafikken gjennom Langenuen. 

Enkelte stader kjem skipa så nær at du nesten føler du er om bord. Ikkje minst gjeld dette på Raunholm, der du nærmast kunne «kikka rett inn i lugarane» på Aasta Hansteen-plattforma i går kveld.

Derfor var det litt spanande då det store cruiseskipet AIDA kom sørover Nuen i rundt klokka 22:  – Kan det vera plass til nokon mellom oss og Aasta Hansteen?

- Annonse -

Augevitne kan stadfesta at det gjekk vel, og Aasta Hansteen held fram på si ferd nordover mot Nordlandskysten. 

 


Aasta Hansteen passerer Larsaklubben på Raunholm.