Sundag 24. Juni 2018



Fitjar TenTreff på skitur. Foto: Håkon Rydland Sæbø.

Fitjar TenTreff på ski

Sist laurdag var Fitjar TenTreff på tur til Seljestad og Røldal, og fekk boltra seg på ski, skriv Håkon Rydland Sæbø.


Helga 10.-11. mars var Ten treff Fitjar på tur til Seljestad og Røldal. 14 ungdomar og 5 vaksne reiste tidleg laurdag morgon for å få med seg ein heil dag i Røldal Skisenter. Klokka 7 er i tidlegaste laget ein laurdag morgon, men ikkje når nypreppa bakkar og 5-10 cm med pudder ventar på deg oppe i fjellheimen. 

 

Vêret vart etter kvart heilt fantastisk, med lite vind, knallblå himmel og ei sol som varma når me sat og åt midt på dagen. Vêret var framleis med oss då trekket stengte, og alle som ein blei med på tur frå toppen av trekket, rundt Histeinsnuten og ned i Tjoaminnet. Vel nede på Korlevoll Skistadion var Ellen Vestbøstad og Anne Marie Rød klare med taco og godis. 

 

Ein skulle tru ein heil dag i slalåmbakken og lang tur over fjellet tok knekken på ungdommen, men den gong ei. Etter nokre timar med Melodi Grand Prix, Mafia og god musikk gjekk med ut for å ha kveldshopprenn i lysløypa. Hoppet me laga blei noko stort, og me kan berre håpe at turfolk har augo med seg når det set utfor den siste bakken før dei er nede på Korlevoll skistadion dei neste dagane. 

 

Ole Andre Stokken drog det lengste strået og hoppa 9 meter. Håkon Rydland Sæbø var ein god nummer to med sonen Lars hakk i hæl. Tobias Vestbøstad viste sg å vera ein framifrå speaker, og bakkerekord og personleg rekord blei servert etter kvart som løparane oppnådde nye og betre resultat. 

 

Me har filma litt frå turen, og nokre snuttar er lagt ut på heimesida til Fitjar TenTreff. Resten av kvelden og natta var det Mafiaen som tok seg av, eit kortspel der alle får sine roller og må gjere så godt dei kan for å overbevise om at nettopp dei er uskuldige og absolutt ikkje skal bli stemt ut. 

 

Søndagen tok me det roleg, grov ei snøhôle på snaue 7 meter med tre inngangar og akte ned nokre snøfonner på 15-20 meter. Etter nokre timar ute i vind og noko snø trakk me inn i hus att. Her stod maten atter ein gong klar på bordet til svoltne og slitne deltakarar. 

 

Fleire av deltakarane lurte på om dette var ein tradisjon. Me har vel funne ut det det ikkje har vore ein tradisjon, men at det no er ein tradisjon, for me reiser på skitur til Korlebu neste år òg.

  

Håkon Rydland Sæbø 

 


TenTreff i Røldal Skisenter. Foto: Håkon Rydland Sæbø. 

 


Flotte løyper på Korlevoll. Foto: Håkon Rydland Sæbø.

 


Kveldshopprenn med Fitjar TenTreff Foto: Håkon Rydland Sæbø. 


Laurdagskvelden beli avslutta med kortspel. Foto: Håkon Rydland Sæbø.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse