Gisle Børge Styve Trio til opptrer i Fitjar denne veka. 

Gisle Børge Styve Trio til Fitjar

Førstkomande torsdag vert det konsert med Gisle Børge Styve Trio i Fitjar kultur- og Idrettsbygg.

 

Det er dagleg leiar i Fitjar Kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, som skriv dette i ei pressemelfing.

Gisle Børge Styve Trio består av Gisle Børge Styve (piano, song, ukulele), Per Willy Aaserud (trompet, kor, melodika) og Helge Harstad (bass, kor).

Trioen gav ut albumet «Here right now» hausten 2012. Plata inneheld originalkomposisjonar av Gisle Børge Styve og spennande coverversjonar av låtar frå artistane Nik Kershaw, Paul McCartney, Nick Drake, Ian Hunter, Paul Simon, Salem al Fakir, Genesis og Rolling Stones.  

- Annonse -

Gisle Børge Styve Trio har eksistert med same besetning sidan 1998, og gav i 2002 ut den første plata si ”Styves Ark”, ei plate blei relansert i Japan i 2011!. Gruppa kan visa til eit utal opptredenar over heile landet, på store og små festivalar, kulturhus, klubbar og lukka arrangement. 

«Trioens fabelaktige evne til å kommunisere med publikum og skape god stemning», blir trekt fram i omtalane av konsertane. 

Og torsdag kveld er turen komen til fitjarbuen. Då kan me oppleva Geir Børge Styve Trio i Kulturslen, Fitjar kultur- og idrettsbygg!