Ønskjer større gevinst frå vindmøllene

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll vil jobbe for at kommunen skal få meir pengar igjen for vindkraftproduksjonen i Midtfjellet.

I dag sit Fitjar kommune att med rundt 8,2 millionar kroner i inntekter frå vindparken. Når det tredje byggetrinnet står ferdig med 11 nye turbinar seinare år, vil det medføre tre millionar kroner ekstra i kommunekassen.

Det skriv Bergens Tidende i dag, som har vore på Fitjar for å intervjue Tislevoll. Bakgrunnen er at Fitjar-ordføraren er styreleiar i Landsamanslutninga av norske vindkraftkommunar.

Vil ha ny skatt

No tek Tislevoll til orde for å innføre ein ny naturressursskatt som vil gjere at kommunane får 1,1 øre per kilowattime som blir produsert. Ho vil at denne skal bli trekt frå selskapsskatten som vindkraftselskapa betalar til staten i dag.

– Dagens skatteregime gjer at kommunane ikkje får sin rettferdige del av verdiskapinga frå vindkraftproduksjonen, seier Tislevoll til avisa.

For Fitjar kommune sin del vil ein slik skatt medføre om lag to millionar kroner meir i årlege inntekter til kommunen.

Store naturinngrep

Bakgrunnen for utspelet er at ordføraren meiner kommunane bør kompenserast meir for bortfall av areal som kunne vore nytta til utbygging eller friluftsområde.

- Annonse -

– Vindkraften skapar store verdiar for eigarane, blant anna for utanlandske investorar og fond. Utbygginga av desse anlegga medfører store inngrep i naturen og bandlegg område som elles kunne vore brukt til hytteområde, friluftsområde eller næringsverksemd, seier Tislevoll.

Olje- og energimininster Terje Søviknes (Frp) seier til Bergens Tidende at regjeringa i dag ikkje har nokre planar om endring av skatteregimet.