Hans Kobberstd på fiolin, Harald Rydland på trøorgel og Gurid Refvik syng i daglegstova på Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto: Kjetil Rydland. 

Kjende tonar på sjukeheimen

Vel eit dusin bebuarar fekk eit kjærkome gjenhøyr med kjende tonar under huskonserten på Fitjar bu- og behandlingssenter måndag ettermiddag.

 

Musikantane blei tekne godt imot i stova på sjukeheimen i ettermiddag, og ei samling bebuarar fekk eit populært avbrot i kvardagen. Harald Rydland spelte på eit mobilt trøorgel, Hans Kobberstad på fela si, og Gurid Refvik var vokalist på songar som dei gamle kjende godt. 

 


Elisabeth Rydland deltar for fullt i allsongen i «Den fyrste song». Foto: Kjetil Rydland. 

- Annonse -

 

På menyen hadde dei glade musikantane eit par religiøse folketonar og fleire andre kjende tonar, som til dømes «Eg gjette tulla», «Den fyrste song» og «Å, vesle Kari». Det blei òg plass til folketonen «Om kvelden når det mørkner», frå Hornindal, heimstaden til fiolinist Hans Kobberstad. 

Etter ein god halvtime med vakre ord og tonar song forsamlinga «No livnar det i lundar». Og då var dei fleste med – det var tydeleg at dei sette pris på dei gamle songane som me alle kjenner frå skulen.

Då Harald Rydland fekk blomar for innsatsen, lova han å koma snart igjen. Han fortel at dei kjem innom sjukeheimen rundt fire gonger i året, og det er alltid ei kjekk stund. Det kunne fleire av bebuarane bekrefta – dette var kjempefint, var omkvedet.

Bente Volden Mjønes minner om at dei held basar på Fitjar Fjordhotell onsdag 21. mars; inntekta går til trivselstiltak på Fitjar bu- og behandlingssenter. Ho lokkar med kaffi og kake, musikk og allsong, og ikkje minst høve til å kjøpa lodd på fine gevinstar. 

 


Bente Volden Mjønes og Elisabeth Rydland med ein del av gevinstane til basaren neste onsdag. Foto: Kjetil Rydland.