Sundag 24. Juni 2018



Hans Kobberstd på fiolin, Harald Rydland på trøorgel og Gurid Refvik syng i daglegstova på Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto: Kjetil Rydland. 

Kjende tonar på sjukeheimen

Vel eit dusin bebuarar fekk eit kjærkome gjenhøyr med kjende tonar under huskonserten på Fitjar bu- og behandlingssenter måndag ettermiddag.

 

Musikantane blei tekne godt imot i stova på sjukeheimen i ettermiddag, og ei samling bebuarar fekk eit populært avbrot i kvardagen. Harald Rydland spelte på eit mobilt trøorgel, Hans Kobberstad på fela si, og Gurid Refvik var vokalist på songar som dei gamle kjende godt. 

 


Elisabeth Rydland deltar for fullt i allsongen i "Den fyrste song". Foto: Kjetil Rydland. 

 

På menyen hadde dei glade musikantane eit par religiøse folketonar og fleire andre kjende tonar, som til dømes "Eg gjette tulla", "Den fyrste song" og "Å, vesle Kari". Det blei òg plass til folketonen "Om kvelden når det mørkner", frå Hornindal, heimstaden til fiolinist Hans Kobberstad. 

Etter ein god halvtime med vakre ord og tonar song forsamlinga "No livnar det i lundar". Og då var dei fleste med – det var tydeleg at dei sette pris på dei gamle songane som me alle kjenner frå skulen.

Då Harald Rydland fekk blomar for innsatsen, lova han å koma snart igjen. Han fortel at dei kjem innom sjukeheimen rundt fire gonger i året, og det er alltid ei kjekk stund. Det kunne fleire av bebuarane bekrefta – dette var kjempefint, var omkvedet.

Bente Volden Mjønes minner om at dei held basar på Fitjar Fjordhotell onsdag 21. mars; inntekta går til trivselstiltak på Fitjar bu- og behandlingssenter. Ho lokkar med kaffi og kake, musikk og allsong, og ikkje minst høve til å kjøpa lodd på fine gevinstar. 

 


Bente Volden Mjønes og Elisabeth Rydland med ein del av gevinstane til basaren neste onsdag. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse