Roger Træet smiler lurt i skjegget etter ein ny KM-tittel. Foto: FP-arkiv/KR.

Roger Træet vann KM i bridge

I dag har Roger Træet vore i Nordhuset rett utanfor Haugesund og vunne kretsmeisterskapet i bridge, saman med parkamerat Kurt Langballe. 

 

Det var berre sju par påmeldt til årets kretsmeisterskap i bridge utanfor Haugesund i dag. Det blei avvikla 63 spel på fire bord, og til slutt var det fitjarbuen Roger Træet som kunne jubla for sigeren, saman med parkamerata Kurt Langballe frå Haugesund.  

Dermed blei det ikkje favorittsiger til den andre fitjarbuen i feltet, utflytta Tore Bårdsen. Roger Træet fortel at han og Langballe knuste favorittane i det sjette av sju rundar over ni spel. Og då var det i realiteten avgjort. 

Og bestefar Torvald Ingebrigtsen måtte sjå i augo at barnebarnet laut bita i graset for ein annan fitjarbu. Me gratulerer Roger Træet med ein ny flott prestasjon.

- Annonse -

 

Resultat frå KM i bridge i Nordhuset 11. mars 2018:


1) Roger Træet – Kurt Langhelle              Stord BK – Kopervik BK   

2) Helge Svendsen – Birger Pedersen        Kopervik BK              
3) Kari Solgård – Leif Karsten Hausken      BK Augvald               
4) Leif Arne Halleraker – Arne Gothi           Sauda BK                 
4) Tore Bårdsen – Øyvind Haga               Stavanger BK – Kopervik BK
6) Sigurd Østebøvik – Jim Høyland             Kopervik BK              
7) Lillian G. Olsen – Berit Hadland              Kopervik BK