Sundag 24. Juni 2018


 
Bjarte Leithaug fann tonen med dei unge songarane i Fitjar barnegospel. Foto: Kjetil Rydland. 

Frisk jubileumskonsert med barnegospel og Bjarte Leithaug

Om lag 150 publikummarar kunne gle seg over ein frisk jubileumskonsert med Fitjar barnegospel og musikklæraren Bjarte Leithaug i Fitjar kyrkje laurdag ettermiddag.

 

Det var ein særs livsfrisk 20-åring som presenterte seg for eit modent publikum i kyrkja i går, og 60-åringen Bjarte Leithaug var ikkje noko ringare. Den kjende musikklæraren frå Nordhordland hadde øvd med gospelkoret vårt nokre timar på førehand, og det var heilt tydeleg at dei hadde funne tonen. 

Saman med 35 unge musikantar gav han oss ein time med gladsong, med songar om venskap, om å bry seg om andre og om kristen tru. Godt akkompagnert av det faste bandet til Fitjar barnegospel, som består av Elin Sørfonn på piano, Bjørnar Jakobsen på trommer, Anders Sætre på bass og Dagfinn Brekke på gitar. 

Den eine solisten etter den andre stod fram med stort frimod, og sette ein ekstra spiss på opplevinga. Dei unge songarane skal ha ros for godt humør, tryggleik på scenen, og ikkje minst for god diksjon. Dei fleste tekstane nådde heilt opp på galleriet denne gongen.

Hildegunn Aadland i temagruppa takka Fitjar indremisjon for samarbeidet med konserten. – For ein herleg gjeng, utbraut ho, og uttrykte stor takksemd over at me har eit slikt barnegospelkor i bygda. 

Sokneprest Olav Oma takka på vegner av Fitjar sokn, og det vanka blomar til aktørane. Dirigent Randi Eiken Brekke fekk ein stor og velfortent bukett, medan resten av aktørane måtte nøya seg med kvar si rose. Alt like velfortent.

Randi Eiken på si side gav passa på å dela dei gode orda med alle som er med og driv Fitjar barnegospel, foreldre, bandet og alle som ordnar praktiske ting. 

 

 


Guro Bergesen, ei av mange flinke solistar i Fitjar barnegospel. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Bjarte Leithaug i kjent stil fekk god kontakt både med dei unge songarane og dei litt eldre tilhøyrarane i kyrkjebenkene. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Dirigent og songarar med velfortente blomar. Foto: Kjetil Rydland.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse