Sideforankra flytebru over Bjørnafjorden. Ill. Statens vegvesen.

E39 Stord-Os: Ny høyring med to alternativ

Det blir tilleggshøyring av planforslag med utgreiing av to nye brualternativ mellom Reksteren og Søre Øyane i Os.

  
Kommunedelplanen (KDP) m/konsekvensutgreiing (KU) for E39 Stord–Os låg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet 22.11.2016 – 20.01.2017.

I etterkant har Statens vegvesen utgreidd to nye alternativ for bru over Bjørnafjorden, og vi legg difor ut ein avgrensa del av planen, strekninga Gjøvåg-Svegatjørn, på tilleggshøyring.

Høyringsfristen er 30. april, opplyser Statens vegvesen.  

  

- Annonse -

Legg ut to alternativ

Kommunal– og moderniseringsdepartementet har som statleg arealmynde slutta seg til at Statens vegvesen legg ut to nye alternativ for brukryssing av Bjørnafjorden til offentleg ettersyn og høyring.

I kommunedelplanen er alternative traséløysingar utgreidd i samsvar med fastsett planprogram (17.12.2015). Kommunedelplanen omtalar kva veglinjer og bruløysingar som har vore vurdert og kva løysing Statens vegvesen tilrår for strekninga.

  

Utvida bu- og arbeidsregion

Samfunnsmålet med prosjektet er å knyte dei store byane og vestlandsregionen saman for å skape utvida bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga. Det vil også gjere det lettare for næringslivet å få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft ved behov, samt eksportere varer.

Planforslag med tilleggsutgreiing er tilgjengeleg på sida Tilleggshøyring av planforslag

Høyringsuttalar til brualternativa vil, saman med høyringsuttalane som allereie er gitt ved den ordinære høyringa, gje grunnlag for Statens vegvesen sitt endelege planforslag for heile planstrekninga mellom Stord og Os.