Fleire bussar enn før går via Helland. Foto: FP-arkiv/KR. 

Ta bussen!

Ikkje alle klagar på bussen; ei av dei som skryt, er Grete Marit Veka Maraas frå Øvrebygda.

 

Den engasjerte lokalpolitikaren frå Sjoarreset i Øvrebygda kjempa lenge for betre bussruter mellom Rydland og Fitjar på vestsida av Storavatnet. Og konstaterer at det har blitt retteleg bra.

Men slik har det ikkje alltid vore. For rundt tolv år sidan fekk ho det svært så travelt, då ho begynte å få ungar i ungdomsskulen på Rimbareid. Dei var med på ulike fritidsaktivitetar på Fitjar, som fotball, handball, skulekorps, Krik og Ope hus. 

Ho og mannen hennar allierte seg med naboar for å få transporten til å gå opp. Men dei sakna fleire og betre bussruter mellom Rydland og Fitjar på vestsida av Storavatnet. Då ho ringde busselskapet, var det ikkje lett å få gehør i byrjinga. Det hjelpte ikkje at ho kunne argumentera med at bussen nesten ikkje tok opp passasjerar langs fv. 545 på strekninga Rydland, Vik, Fitjar.

- Annonse -

Stor er gleda derfor no over at bønene hennar etter kvart har blitt høyrde, og det har kome fleire ruter på det som for henne er rette sida av Storavatnet. No kan ho til dømes ta bussen frå Øvrebygda bedehus til Leirvik om ettermiddagen, og heim att seinare på kvelden. Og ho kan ta buss til Fitjar om føremiddagen, og koma heim att i rimeleg tid. 

Dei fleste rutene via Helland blir køyrde av minibuss, og du finn dei under linje 680 i ruteheftet til Skyss. Nokre av dei korresponderer med rute 671 på Rydland. Her må me sjå i to tabellar – 671 og 680 – for å finna korrespondansane. Grete Marit oppmodar folk om å studera desse rutene, og finna ut at det går an å klara seg bra sjølv om du er billaus. 

Alternativt kan du bruka reiseplanleggjaren til Skyss

Me kan slå fast at det slett ikkje er så ille som vonde tunger ville ha det til då dei snakka om «Konebussen» for 50 år sidan:

– Viss du skal til Fitjar og handla på onsdagen, kjem du ikkje heim att før neste onsdag!

Grethe Marit Veka Maraas konstaterer at det har vore stor betring i dei offentlege kommunikasjonane på vestsida av Storavatnet, og oppmodar sambygdingane sine til å studera ruteheftet, og ta bussen!


Rute 680 går om Helland, og korresponderer ofte med rute 671 på Rydland.