Linnea Vestbøstad t.v. er teken ut til Statoil sin talentleir i Sarpsborg om vel ei veke. Foto: FP-arkiv/KR. 

Linnea til Sarpsborg på talentleir

Linnea Vestbøstad frå Fitjar er blant dei 60 spelarane som Norges Fotballforbund har teke ut til Statoil sin talentleir i Sarpsborg. 

Statoil sin talentleir i Sarpsborg blir avvikla i perioden 18. – 21. mars, og no har Håkon Grøttland i Norges Fotballforbund teke ut troppane. Blant dei nye talenta som skal møta i Østfoldhallen, er Linnea Vestbøstad frå Fitjar.

Ho er den einaste spelaren frå Stordøya i årsklassen 2004 som er teken ut. Det er berre tre jenter frå heile Hordaland med; dei to andre er Karoline Louise Hevrøy frå Os og Maria Østervoll frå Austevoll. I årsklassen 2003 er Stord-jenta Ida Holm Neset teken ut. 

Elles er det ingen lokale spelarar blant dei 60 jentene på lista, som du finn på denne linken til Uttak til Statoil Talentleir jenter. Oversikt over alle gutar og jenter frå Hordaland som er tekne ut, finn du på denne linken hos NFF Hordaland: Talentleir Sarpsborg

Her kan du lesa meir om samlinga, som utgjer det nest øvste nivået i Fotballforbundet sin utviklingsmodell. Dei som er tekne ut, blir rekna blant dei mest spennande spelarane i landet i sitt kull.

- Annonse -

Me gratulerer med uttaket og ønskjer lykke til i Sarpsborg.