Måndag 21. Mai 2018



Karsten Øvretveit frå Telavåg i samtale med styremedlem i Fitjar sogelag, Rasmus Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Årsmøte med sterkt innslag frå Telavåg

Karsten Øvretveit og filmen "Barna fra Telavåg" var trekkplaster då Fitjar sogelag avvikla årsmøtet sitt på Seniorsenteret måndag kveld.

 

Om lag 30 medlemmer møtte fram på årsmøtet i Fitjar sogelag måndag kveld. Mange av dei hadde nok kome for å treffa Karsten Øvretveit, som voks opp i Telavåg på Sotra, og opplevde tragedien i 1942 på nært hald.

 

Heldt foredrag og viste filmen "Barna fra Telavåg"

Som kjent blei den vesle, veglause bygda Telavåg på Sotra jamna med jorda av tyskarane i 1942. Då var Karsten Øvretveit berre åtte år og opplevde tragedien på nært hald. Men terroren begynte allereie våren 1940, sa Øvretveit, og varte til 1948, då dei fekk flytta inn i eige hus i Telavåg igjen. 


Øvretveit poengterte at alle dei 400 innbyggjarane i bygda hadde kvar si unike historie, og han hadde berre ei av desse. For å illustrera den dramatiske historia viste han filmen "Barna fra Telavåg – fanger av det tredje riket" og knytte sine eigne kommentarar til den. 

 
Den 26. april 1942 blei to Gestapo-offiserar skotne av norske Linge-soldatar, som hadde blitt sende over frå Skottland. Den 30. april brende tyskarane Telavåg, i det som er rekna som den verste hemnaksjonen i Noreg under den andre verdenskrigen. Alle menn mellom 16 og 60 år ble sende til konsentrasjonsleirar, der 31 av dei døydde. Kvinner og barn blei tekne som gislar og haldne fanga i meir enn to år.


Me fekk følgja Øvretveit og dei andre borna som saman med mødrene sine blei frakta frå Telavåg til Storetveit skole, og seinare til Framnes. Medan dei var på Storetveit, blei barn over seks år skilde frå mødrene sine med tanke på at dei større barna skulle sendast til barneheimar og arbeida i Tyskland. Men epidemiar av skarlagensfeber og difteri hindra overføringa til Tyskland. Sjølv fekk Øvretveit far sin attende frå Tyskland etter krigen, men me fekk innblikk i korleis andre pårørande mottok meldingane om at deira nærmaste døydde i Tyskland.


Øvretveit gav og levande skildring av dagleglivet på Framnes, med mange morosame episodar. – Me hadde det godt på Framnes, sa han. 


Han la heller ikkje skjul på at det hadde vore steile frontar i Telavåg-samfunnet. Dei som hadde husa den illegale aktiviteten, var årsak til vonde kjensler hos naboar for at dei indirekte hadde påført folket frå Telavåg all lidinga som følgja av hemnaksjonen frå tyskarane. 

 

Allsidig aktivitet med "Fitjarminne" i sentrum

Leiar Bård Inge Bø gjekk gjennom årsmeldinga for 2017 og dei viktigaste prosjekta Fitjar sogelag arbeidde med i året som gjekk. Som vanleg var hovudarbeidet å gi ut Fitjarminne, eit sogeskrift som har blitt svært godt motteke blant publikum. Han kunne opplysa at den første årgangen, 2013, no på det nærmaste er utseld. 

 
Av andre prosjekt som blei nemnde spesielt, var ein sogekveld med Sindre Nilsen. Og no har Fitjar sogelang fått si eiga heimeside på internett: http://fitjarsogelag.no/. Her finn du kontaktinformasjon og ymse opplysningar om Fitjar sogelag.

 
Facebook-sida til Fitjar sogelag har rundt 1000 medlemmer, og her er aktiviteten stor. Det blir lagt ut gamle bilete, som det blir skrive mykje om. Men det er nautrulegvis ei utfordring at Fitjar sogelag berre har 34 betalande medlemmer.  Desse får Fitjarminne inkludert i kontingenten, som blir uendra på 250 kr i året. 

 

Stabilt styre

Valet blei fort og smertefritt avvikla med gjenval av alle styremedlemmene som stod på val. Bård Inge Bø held fram som leiar, og resten av styret seer slik ut:  Magnar Kloster, Harald Westerheim, Rasmus Fitjar, Marta Eidet Helland, Alf Gjøsæter, John Arvid Skumsnes og Christer Aarbø.

 
Som vanleg blei årsmøtet avslutta med kaffi og kaffimat, og ein god drøs rundt borda. Karvel Strømme kasta fram tanken om å få Gunstein Akselberg til bygda, eit forslag som blei teke vel imot av styret. Vonleg vil me få treffa den kjende språkeksperten i løpet av året.   

  


Karsten Øvretveit i den sterke filmen "Barna fra Telavåg". Foto: Kjetil Rydland. 

 

 


Per Johan Vestbøstad tv. og Ingolv Rimmereid nytta høvet til å sjå på biletet frå det private albumet til sistnemnde. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse