Måndag 21. Mai 2018



Kristen Helland og Geir Bjarte Hatlevik i djup konsentrasjon; ingen av dei har sett handa til Roger Træet. Foto: Kjetil Rydland. 

Bli med på bridge!

Fitjar Stord bridgeklubb har spelekveld på Videoen kvar onsdag, og ønskjer gjerne å bi fleire. 

 

Dei rundt 10 vaksne mennene i den lokale bridgeklubben har nyleg flytta frå Øvrebygda til Sentrum. På Videoen er det god plass, og dei har håp om å bli fleire. Førebels har ikkje det slege til. Dei plar vera åtte-ni mann, og i kveld var dei berre sju. Det var svært stille rundt bordet då me kom innom Bestaståvo til Tom og Margaret Hillestad, med det viste seg etter kvart at det er mål i dei rutinerte bridgespelarane. 


No appellerer dei spesielt til yngre folk, og folk som nyleg har kome til bygda. – Kom gjerne innom på onsdagskveldane på Videoen og sjå om du har lyst å vera med oss, seier Kristen Helland, ein av veteranane i bridgemiljøet i bygda. Han er ein av dei som var med på 1980-talet, då aktiviteten var mykje større. Roger Træet minner om at prinsippet i bridge er mykje det same som i amerikanar.


Om du ikkje blir like god som Roger Træet, kan det vera mon i mindre. Han er krumtappen i bridgemiljøet i bygda, og ein av dei beste spelarane i mils omkrins. Andre helga i februar var han i Oslo og spela dei avsluttande kampane i årets 2. divisjon i bridge. Han er lagkaptein for laget Haugaland 1, der han har med seg fire lagkameratar frå ulike delar av landet; Dag Paulsen frå Oslo, Hallgeir Lunde frå Voss, Helge Hantveit frå Askøy, Stig Gamlemshaug frå Os og Øyvind Haga frå Haugesund. 



Etter dei seks kampane i november låg Roger Træet og laget hans på andreplass i puljen sin i 2. divisjon. Avd. C er ein av tre puljar, og vinnarane i kvar pulje rykkje opp til 1. divisjon. Laget til Roger leia lenge under turneringa i Oslo i februar, men i avslutningskampen tapte dei for favorittane, og dermed måtte dei nøya seg med tredjeplassen totalt i andredivisjonspuljen sin. – Tapet kom etter ein klar kapteinsfeil, seier Roger Træet, utan å gå nærmare inn på detealjane.

 

Han er likevel relativt fornøgd med at dei kjempar blant dei beste i puljen, som består av tolv lag. Og minner om at begge dei to siste sesongane har dei gjort det mykje betre enn bridgeekspertane har spådd.


Førstkomande søndag er det kretsmeisterskap for par i Nordhuset rett utanfor Haugesund. Roger er den einaste frå Fitjar som deltar her, han stiller saman med Kurt Langhelle frå Huagesund. Men han reknar seg ikkje som favoritt. Han trur at utflytta fitjarbu Tore Bårdsen blir for sterk, noko Torvald Ingebrigtsen ikkje er usamd i. 

  

 
Kjekt med bridge, og me tar gjerne imot fleire, seier Trond Salmo, Kristen Helland; Geir Bjarte Hatlevik og Roger Træet. Foto: Kjetil Rydland.  

 

 

 

  

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse