Kjekt på ski, synest f.v Halvor Livastøl Aga, Gabriel Kannelønning og Johannes Tufteland. Foto: Privat. 

Skidag ved gapahuken

Sist fredag skipa sjuandeklassane på Rimbareid skule skidag ved den nye gapahuken ved Kidnavatnet.

 

Gapahuken ved Kidnavatnet har alt blitt ein stor suksess både for unge og gamle. Fredag 2. mars hadde elevane i sjuandeklassane på Rimbareid skidag med base der oppe. Kontaktlærarane Rune Longfjeld Rimmereid og Evy Skogedal hadde i tillegg til 38 elevar med seg Anne Helene Vestbøstad og Kari Torland.

Etter iherdig innsats av dei vaksne på trinnet blei det skaffa ski og utstyr til alle. I tillegg stilte foreldre opp og køyrde elevane til parkeringsplassen ved Olstjødno; ein far tok skiutstyret i skuffa på traktoren.

Fire elevar stod på langrenn for aller første gong, og for andre var det andre gong. Dei hadde base ved gapahuken, der det blei fyrt i bålpanna, og elevane fekk servert pølser og sjølvsagt ein tursjokolade.

- Annonse -

Det var verkeleg full aktivitet i området rundt gapahuken, i bakkane, på vegen, og i skogen, der ein kunne køyra slalåm innimellom trea. Elevane strålte om kapp med sola då dei blei henta av foreldra på slutten av skidagen. 

 


Pause ved bordet utanfor gapahuken. Foto: Privat. 

 

 
Full aktivitet i bakken bak Kidnavatnet.  Om å gjera å ikkje detta! Foto: Privat.

 


Matpause, god steming i gapahuken. Foto: Privat.