Lars Sigurd Tufteland, lovande fitjarskyttar. Foto: Privat. 

Travel helg for fitjarskyttarar

Heile helga har gått med til feltskyting for dei ivrige skyttarane Lars Sigurd og Ruben Kristoffer Tufteland, og Anita Bakkane. 

 

Trekløveret skyt for Fitjar skyttarlag, trener mykje med Stord skyttarlag, og set stor pris på samarbeidet med naboklubben. Det er Jens Tore Engevik som har fått gjengen gira på feltskyting.

Denne helga stilte dei på tre stemne, på Kalland, i Strandebarm og i Jondal, og leverte resultat som det står respekt av. Yngstemann, Lars Sigurd Tufteland, er første års rekrutt og skyt kaliber 22. Han viser fin skyting, og i løpet av eit par hektiske dagar fekk han to førsteplassar, med fullt hus, og ein andreplass. 

Ruben Kristoffer skyt i juniorklassen, der det er tett i toppen og innertiarar avgjer utfallet. Sjølv om ein har fullt hus, så kan ei fort bli nummer fire eller fem på resultatlista.

- Annonse -

Anita skyt i klassen nybyrjar vaksen. Talet som stiller i denne klassen, varierer veldig, men det begynner å komma en god fast gjeng også i denne klassen.