Bjørg Strømme, leiar i Hordaland Bygdekvinnelag, ner med deit knippe aktive bygdekvinner frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.

Bygdekvinnelaget – aktive kvinner for levande bygder

Bygdekvinner frå heile fylket kjem til Stord 17. og 18. mars for å vera med på årsmøtet i Hordaland Bygdekvinnelag.

 

Det er leiar i Hordaland Bygdekvinnelag, Bjørg Strømme, som skriv dette i ei pressemelding.

Bygdekvinnelaget samlar kvinner som ser verdien av eit aktiv bygdemiljø og primærnæringane. Det er vel 60 bygdekvinner som samlast på Stord Hotell denne helga! Vertslag for årsmøtet er Stord Bygdekvinnelag.

Norges Bygdekvinnelag har 13 000 medlemer, fordelt på 450 lokallag og 18 fylkeslag. I Hordaland er det 29 lokallag og om lag 775 medlemer.

- Annonse -

Mattradisjonar er ein kjernekompetanse i Bygdekvinnelaget, og me heiar fram sunn, norsk kvalitetsmat. Me er opptekne av beredskap og gründerskap, og hjelper kvinnelege bønder i Mosambik. Me meiner at alle har eit ansvar for å sikre natur- og livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. 

I 2017 og 2018 er det fokus på «Ville Vekstar», «Tradisjonsmat» og «Kvinner Ut». Me samlar kunnskap og vidarefører til lokallaga våre. I tillegg til tradisjonelle årsmøtesaker, vert det eit par høgdepunkt på årsmøtet: 

Nestleiar i Norges Bygdekvinnelag, Tove Beate Hoppestad, kjem med nytt frå Norges Bygdekvinnelag til årsmøtet. Årsmøteføredraget er ved Kjellbjørg Lunde. Ho vil snakke om samfunnsutviklinga og framtidige levekår for dei som kjem etter oss.       
 


Nestleiar i Norges Bygdekvinnelag, Tove Beate Hoppestad. Foto: Hordaland Bygdekvinnelag.   

 

                        
Kjellbjørg Lunde vil snakka om samfunnsutviklinga og framtidige levekår for dei som kjem etter oss. Foto: Hordaland Bygedekvinnelag.