Sundag 24. Juni 2018



Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat.

4H skal vera synlege!

Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar godt for engasjementet i og utanfor organisasjonen.

 

4H er ein medlemsstyrt organisasjon, kor barn og ungdom sjølv er i førarsetet. At fylkesleddet og er drifta av ungdom, er difor heilt naturleg. 

– Vi er kjempestolte, seier regionleiar Synnøve Jørgensen. Dette er ungdom som, trass ung alder, 17- 21 år, har masse organisasjonserfaring både frå 4H og andre organisasjonar. Dei er svært engasjerte og har mange idear for korleis vi skal arbeida vidare i 4H. 



4H skal vera synlege!

Nyvald leiar, Jens Håkon Birkeland (18 år frå Voss), har klare mål om medlemsauke og auka aktivitet. Han ønskjer at 4H skal bli synlege, og gler seg aller mest til å besøka lokale klubbar og snakka med medlemmer. På denne måten vil han gjera fylkesstyret også meir synleg og minske avstanden mellom fylke og klubb. 

– Vi er klare for eit utfordrande og spennande år. Med «klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse», er vi ikkje redde for nye utfordringar! smiler Jens Håkon.

 

Desse er valde inn i det nye styret:

Leiar Jens Håkon Birkeland, Voss
Styremedlem Janniche Næss Bergås, Lindås
Styremedlem Mona Feste, Lindås
Styremedlem Ingrid Otnes, Bergen
Styremedlem Andreas Ølvestveit, Kvinnherad
1. varamedlem, Torstein Lunde, Radøy
2. varamedlem, Steinar Holmberg Vikane, Stord
3. varamedlem, Jakob-Johan Birkeland Solberg, Osterøy



Leiar Isabel Rydland og Victoria M. Maraas på årsfesten i Øvrebygda 4H i fjor haust. T.h. klubbrådgjevar Ida Marlen Havn. Foto: FP-arkiv/KR.

 

Øvrebygda 4H – ein godt synleg klubb

Som me ser, er ingen av styremedlemmene frå Fitjar. Men me har ein svært aktiv 4H-klubb i Øvrebygda. I mange år har denne 4H-klubben vore ein av dei mest aktive i Hordaland, og absolutt ein av dei mest synlege organisasjonane i Fitjar. 

Førre helg var fem styremdelemmer i Øvrebygda 4H på kurs og seminar i samband med årsmøtet på Voss. Victoria M. Maraas og Isabel Rydland var på leiarkurs; Elisabet Rydland Sæbø var på kasserarkurs, medan Ingvild de Fine Olsen og Maria Korsvik var på aspirantleiarkurs. Dei fire sistnemnde var òg med på søndagens årsmøte. 

Øvrebygda 4H blei skipa hausten 1978, og er altså inne i sitt 40. arbeidsår. I jubileumsåret har klubben 37 aktive medlemmer. 

 

4H – KLART HOVUD – VARMT HJARTE – FLINKE HENDER – GOD HELSE

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse