Sundag 24. Juni 2018



Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR. 

Kåra den vakraste boka i verda

Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

 

Den kjende bokdesignaren frå Fitjar er designsjef i Vårt Land, og er nett ferdig med eit svært prestisjefylt oppdrag på Nasjonalbiblioteket i den tyske byen Leipzig.


Her har ho vore med i juryen som fekk æra av å kåra den vakraste boka i verda. I tre dagar i førre veke sat ho saman med seks andre jurymedlemmer og valde ut prisvinnarane blant 608 bøker frå 33 land. Konkurransen heiter «Best Book Design from all over the World», og blir skipa til av Stiftung Buchkunst Leipzig.


Dette er ein konkurranse som har vore til inspirasjon for Aud Gloppen gjennom heile yrkeslivet hennar. 


– Konkurransen er ei feiring av den trykte boka, seier ho til avisa Vårt Land.


Den gjævaste prisen, «Goldene Letter», kan reknast som bokdesignarbransjens «Oscar».

 


Blant desse bøkene finn me den vakraste boka i verda, men vinnaren blir først avslørt på bokmessa i Leipzig i mars. Foto: Aud Gloppen.

 

BEST BOOK DESIGN

Stiftung Buchkunst Leipzig har sidan 1963 arrangert kåringa Best Book Design from all over the World.

I år er designsjef Aud Gloppen i Vårt Land utnemnd som ein av jurymedlemmene.

608 bøker frå 33 land var med i vurderinga, 13 er laga av norske bokdesignarar. Dei norske bøkene har alle fått prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker», arrangert av Grafill.

Prisutdelinga skjer under bokmessa i Leipzig 15.–18. mars. Alle bøkene blir stilte ut under verdas største bokmesse i Frankfurt til hausten.

Guttorm Guttormsgaard er den einaste nordmannen som har vunne den gjævaste prisen, «Goldene Letter», i 1992. Den fekk han for «Mine dikt» av Halldis Moren Vesaas på Aschehoug forlag.

I fjor fekk Aslak Gurholt Rønsen bronsemedalje for «Farvel til romanen. 24 timer i grenseland» på Flamme forlag.

Aud Gloppen starta designfirmaet Blæst, og har også jobba i Bokklubben og Cappelen forlag. Ho har fått Bokkunstprisen og vunne fleire prisar i «Årets vakreste bøker».

(Kjelde: Vårt Land)

 


Frå Nasjonalbiblioteket i Leipzig. Foto: Aud Gloppen.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse