Sundag 24. Juni 2018



Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. 

Årets lokalpolitikar!

På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

 

Det er ein gledesstrålande Bård Inge Sørfonn som melder dette på telefon laurdag kveld. Han er leiar i Fitjar KrF og er nett komen heim frå årsmøtet, der han har representert Fitjar saman med Dagfinn Brekke. 


Sjølv var ikkje Harald Rydland til stades på årsmøtet, og det var ein svært kry lokallagsleiar, Bård Inge Sørfonn, som fekk gleda av å ta imot blomar på vegner av den allsidige politikaren og bonden frå Rydland. Avgåande leiar i Hordaland KrF, Pål Kårbø, stod for utdelinga, og peikte på fleire av Harald Rydland sine sterke sider i grunngjevinga.

– Harald Rydland er flink til finna viktige politiske saker og setja dei på dagsordenen.

– Rydland har eit breitt spekter, og eit heilskapssyn på politikk.

– Han har vore med lenge, han har òg vore ordførar i Fitjar. 

Bård Inge Sørfonn legg til at det òg blei lagt merke til Harald Rydland sin innsats då Line Henriette Holten Hjemdal var på Fitjar i samband med valkampen i fjor haust. Då viste han spesielt at han var flink å leggja fram landbrukspolitiske saker.  

Harald Rydland har ikkje sett blomane enno, men han har sett bilete av buketten, sendt på mobil til skibakken i Myrkdalen. Der er kyrkjeverja på tur med kyrkjelyden sin, og han fortel at han fekk ein bråstopp i bakken då meldinga tikka inn. 


Han vedgår at det er stas å bli lagt merke til. – Det er jo engasjementet som driv meg, seier den travle og glade lokalpolitikaren til Fitjarposten. 


I perioden 2007-2011 var Harald Rydland ordførar i Fitjar. I dag er han medlem av kommunestyret, i utval for oppvekst og omsorg. Blant dei andre verva hans kan nemnast at han er medlem i rådet for funksjonshemma, varamann til fylkestinget, første vara til utvalet for skule og helse i Hordaland fylke og medlem i styret i Fitjar KrF. Berre for å nemna noko av det den engasjerte og allsidige lokalpolitikaren syslar med. 

 
– No gler eg meg til å koma heim og sjå nærmare på dei fine blomane, seier Rydland, før eg gir dei vidare til kona!

 
På det same årsmøtet blei Dag Sele frå Stord vald til ny leiar for Hordaland KrF, melder Stord24. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse