Sindre Henriksen ser opp på tavla og konstaterer at det ikkje blir medalje. (Skjermpump TV Norge)

Sindre Henriksen nr. 7 på 1500

Den olympiske 1500-meteren i Pyeongchang blei ingen norsk suksess, og Sindre Henriksen blei beste nordmann på sjuandeplass.

 

Vår mann i Korea, Sindre Henriksen, gjekk inn til sjuandeplass på 1500 meter i dag. Med tida 1.45,64 blei han beste nordmann på distansen.

Dei to andre norske håpa var begge uheldige med sine løp. Stortalentet Allan Dahl Johansson fall i første sving. Det største norske håpet, Sverre Lunde Pedersen, fekk ein god start på 1500-meteren, og kjempa lenge om medalje, men i nest siste sving fekk han rotasjon og kom i ubalanse. Dermed miste han rytmen og sleit seg inn til ein niandeplass, på tida 1.46.12, vel to sekund bak nederlendaren Kjeld Nuis, som vann føre landsmannen Patrick Roest og Min Soek Kim frå Sør-Korea. 

Sindre Henriksen vedgår overfor Fitjarposten at det ikkje var noko bra løp han gjekk i dag. Men han stadfestar at formen er god, og han har allereie retta blikket mot lagtempo førstkomande søndag. Då har det norske laget gode voner om medalje!

- Annonse -

Resultat frå den olympiske 1500-meteren finn du på denne linken til results.nbcolympics.

 


Som ein ekte Henriksen er Sindre ein glad gut på tur; her saman med sprintaren Henrik Fagerli Rukke. Foto: Privat Snapchat.