God rekruttering til korpsmiljøet i Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR. 

Blås i skulen!

Under Fitjar skulekorps sin marknad torsdag denne veka vil me få høyra kva elevar frå Rimbareid skule har fått til i prosjektet «Blås i skolen».

 

Dirigent Svein Roger Koppang fortel det nærmar seg slutten på prosjektet «Blås i skolen» på Rimbareid skule. 21 ivrige andrekassingar har i snart fem veker fått prøvd seg på å spela eit blåseinstrument, pocket-trompet. 

Dei har lært seg å blåsa, samspel, rytmar og å lytta til akkompagnement. – Ut av dette har me klart å få til nokre songar som me gjerne vil presentera for dykk i ein konsert, fortel Koppang.

Konserten kan du høyra på Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag 15. februar i samband med Fitjar skulekorps sin marknad.

- Annonse -

 


Svein Roger Koppang har ei heldig hand om musikantane i Fitjar. Foto: FP-arkiv / Helga Rimmereid.