Slik kan det gå om du ikkje måkar av taket på bilen, og då kan du bli skuld i ulykke og få bot eller det som verre er. Foto: Kjetil Rydland. 

Måk snø av bilen!

Gårsdagens litt overraskande snøfall dekte til bilar som ikkje har garasje å stå i. Då er det viktig å måka snøen skikkeleg av.

 

Det kan kosta deg dyrt – og i verste fall føra til fengselsstraff – om du ikkje giddar å måka snø av biltaket.

Me finn det derfor nyttig å minna om kva MOTOR – organet til NAF, Norges Automobil-Forbund – skriv i artikkelen «Saftige bøter venter hvis du ikke skraper».

Her går det fram at du kan få bot på 2600 kroner om ikkje sikta er god nok. Det skal vera sikt til alle sider, og det er viktig å fjerna is og snø frå vindauge, speglar og lykter. 

- Annonse -

Kommunikasjonsrådgivar i NAF Nils Sødal minner om noko som er lett å gløyma: «… men det er mange som synder med at de ikke børster av taket på bilen. Når bilen blir varm, så løsner snøen og fyker av, potensielt med mange kilo og dermed stor kraft». 

Dette er eit så vanleg fenomen at me finn det viktig å minna om. Det nyttar altså ikkje nok å unnskylda seg med at snøen låg fast då du starta opp bilen. Når snø eller is blæs av taket, kan det føra til alvorlege ulykker, som kan gi fengselsstraff.

Me bringar difor oppmodinga vidare: Måk av bilen!