Fredag 25. Mai 2018



Halvor Folgerø sørgde for god stemning både med fagotten og med lun leiing av skrønefestivalen. Her akkompagnerer han songen til John Arvid Skumsnes, Sissel Jørgensen og Terje Træet. Foto: Kjetil Rydland.

På folkemunne – kimen til ein skrønefestival?

Det var stinn brakke i PS Bryggekafeé på Port Steingard laurdag kveld då vertskapet bad inn til skrønekvelden "På folkemunne", og lattermusklane våre fekk god mosjon.

 

Vertskapet Jorunn Hernes og Johannes Sandvik kunne gle seg over vel 80 smilande gjester i PS Bryggekafé laurdag kveld. Med lovnad om lune historier og ein prat med trivelege folk lukkast dei bra – ein stappfull kafé på bryggekanten blei åstad for noko som i framtida kan bli ein skikkeleg skrønefestival. 

 

Halvor Folgerø – musikalsk og stødig konferansier

Den utflytta stordabuen Halvor Folgerø var hyrt inn til å leia "verdens første og mest intime skrønefestival". Han er godt kjend frå TV-skjermen, frå jazzmiljøet i Bergen og Sunnhordland og frå populærorkesteret Finn-Erix. Med fagotten sin, lun og stødig røyst, og minst like stødig opptreden var han med på å skapa godstemning frå første stund.

 

Lokale heltar blei omtalte med lun humor

Dei tre lokale moroklumpane våre Terje Træet, Sissel Jørgensen og John Arvid Skumsnes gav publikum det me var komne for, mykje lått og løye. Sissel Jørgensen anka på bygdeoriginane – kor er dei – sit dei heime? Bygdeoriginalen må ikkje bli ein utdøyande rase, appellerte ho. Kanskje er dei ikkje så langt borte likevel?

Laurdagskvelden blei eit gjensyn eller gjenhøyr med fleire av dei me kjenner frå Fitjar, "utan å nemna namn", som blei ein gjennomgangsfrase i den halvtimeslange seansen til revyvstjernene våre. Frasen var som alltid like vellykka, namna kom sjølvsagt rekande på rekkje og rad ... 

Ein av dei som fekk gjennomgå på ein lun og snill måte, var Sissel Jørgensen sin eigen svigerfar, Torolf Larsen, "Fitjar sitt svar på Google". Torolf er ein mann som formidlar gode historier ofte, ja kvar einaste dag! Frå han kom òg historia om då "høsmødrene" kom til bygda kvar haust for å begynna på Fitjar Husmorskule. På 1950-talet stod gutane på parkeringsplassen og gav tommel opp eller ned etter kvart som dei passerte. Her har me altså opphavet til "likes"!

Terje Træet er for ung til å hugsa den rike historia om Husmorskulen som "Det forjettede land". Men han hadde sett seg godt inn i saka og kunne fortelja om opphavet til uttrykket "ta rennefart". Det kjem frå den tida då fitjargutane hengde seg i renna på husmorskulen og klatra inn på internatet! 


Veteranane frå Bømloteateret har ikkje tapt seg

I bømlahuene sine gledde Johannes Hjelland, Johan Kristian Nesse, Kjell Olav Skaret og trekkspelar Magne Olsson oss i ein time med kjende nummer, både i ord og tonar. Johan Kristian Nesse nytta høvet til å gratulera Fitjar med at det er kome eit slikt tilbod, ein kafé i sjøkanten, med tilkomst frå sjøen, og hytter og naust som på Port steingard.

Veteranane frå Bømloteateret har opptredd for store og små forsamlingar i 45 år, og har ikkje tapt seg. Dei fleste historiene har me høyrt før, i ei eller anna form. Men det la absolutt ingen dempar på stemninga. Programmet deira blei litt i lengste laget, men det var kanskje fordi me sat litt trongt. Me ser dei i alle høve gjerne igjen på Fitjar. 


Årleg skrønefestival?

Skrøneverten for kvelden, Halvor Folgerø, nytta høvet til å minna om pubkveld om to veker før han gav seg. På vegner av vertskapet fast at det blir skrønefest til neste år og. 

Me vonar det slår til – og kjem meir enn gjerne tilbake!

 


Johan Kristian Nessen og Johannes Hjelland, veteranar med 45 års erfaring frå Bømloteateret, gledde Steingard-publikummet på skrønesamlinga laurdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kortreist mat og drikke sette ein spiss på opplevinga. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ingen ting å seia på stemninga i PS Bryggekafé. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kjell Olav Skaret, Johan Kristian Nesse, Johannes Hjelland og Magne Olsson med bømlahuene sine. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...

Flagget til topps for folkeauke!

23.05.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med tommelen opp for folkeauken første kvartal i år. Foto: Kjetil Rydland. Flagget til topps for folkeauke! Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at Fitjar kommune har kome opp...

Les meir ...
annonse

Godvêr og mykje folk på friluftsgudstene…

22.05.2018 Kjetil Rydland

Nærmare 150 menneske samla seg etter kvart i skråninga nord for Kidnavatnet før Fridleif Lydersen sette i gang gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.  Godvêr og mykje folk på friluftsgudstenesta Over 150 soknebarn i alle...

Les meir ...

Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...
annonse