Fin gjeng frå Fitjar i Bergen, f.v. Leander Helland, Victoria Maraas, Daniel Marzalek, William Seivåg og Patrick Helland. Foto: Privat. 

Karatemedaljar i Bergen

Under JKA Cup for juniorar og seniorar i Åsanehallen søndag 11. februar viste unge utøvarar frå Fitjar godt igjen.

 

Utøvarane i Fitjar Shotokan Katatekubb kviler aldri, og denne helga var fem av juniorane i Åsanehallen på JKA Cup. 

Leander Helland vann gull kumite og gull i kata, Daniel Marzalek vann sølv i kumite, Victoria Maraas fekk sølv i kumite. Patrick Helland og William Seivåg gjennomførte med stil og skal ha ros for god innsats.

Også fitjarjenta Christina Ringheim Koløen gjorde ein fantastisk bra innsats. Ho trener til vanleg med Bjørgvin Karateklubb i Bergen, og stilte i seniorklassen, jenter 17-19 år, brunt og svart belte. Ho fekk bronse i kumite/kamp. Christina var den einaste med brunt belte i denne klassen, alle andre hadde svart belte.

- Annonse -

Me gratulerer den flotte gjengen, og klubben Fitjar Shotokan Karateklubb, med fin innsats.

 


Christina Ringheim Koløen med bronse i Bergen. Foto: Kjetil Rydland.