Marius Pedersen på sigerspallen i Leikvanghallen i helga. Foto: Bård Inge Bø. 

Flott innsats i Pingvinleikane

Åtte unge friidrettsungdommar frå Fitjar har vore med i Pingvinleikane i Åsane denne helga, og kan sjå tilbake på ei rekkje gode resultat. Marius Pedersen tok heile tre førsteplassar. 

 

Som vanleg når Fitjar IL er representert i friidrett, får me rapportar om fin innsats og fine prestasjonar. Så også denne gongen; i helga har dei ivrige friidrettsfolka våre delteke i Pingvinleikane i Leikvanghallen i Åsane. 

 

Også denne gongen var det Marius Pedersen i elleveårsklassen som fekk mest å jubla for. Heile tre førsteplassar blei det i Bergen. På søndagens 200 meter fekk han tida 29,74 og var over eit sekund føre nestemann. Laurdag vann han 60 meter på 9,01 og 600 meter på 1.56. I lengde sette han pers med 4,21 meter, og var berre to cm bak vinnaren.

- Annonse -


Marius Pedersen i startblokkene på 200 meter. Foto: Bård Inge Bø. 

Dei sju andre Fitjar-ungdommane kan og syna til fine resultat. Johannes Sandvik Bø (12) fekk til eit fint korthekkløp som gav 5.-plass med tida 11,37. Og ein endå sterkare 200 meter på 30,29, som gav han 4.-plass blant heile 24 startande. 

Halvor Aga (13) gjennomførte ein flott 1500 meter med pers på 5.28 meter. Anna Sandvik Bø (14) sette ein etterlengta pers i høgde med 1,40. Bjart Sandvik Bø (11) sette også pers på 200 meter med tre sekund. Den nye persen lyder på 35,32.

Søskenflokken Torbjørnsen viste spenst og kraft. Tori (9) støytte kule, Marius (15) viser stabilitet med 1,50 i høgde og 4,51 i lengde, og Eirik (13) sprang inn til ein fin pers på 60 meter hekk på 12,25, før han fekk opp eit lengdesprang på 4,03 meter.

Fullstendige resultat finn du på heimesida Pingvinlekene

Resultater

 


Johannes får premie for sin 200 meter. Foto: Bård Inge Bø.