Sundag 25. Februar 2018



Desse stolte handballjentene var Fitjar sine representantar under dagens storsamling i Fitjar. F.v. Malene Vold Waage, Emma Maraas, Kamilla Hansen Koløen og Henriette Lundal. Foto: Kjetil Rydland.

Topp innsats i minihandball

I dag har handballgruppa i Fitjar Idrettslag teke imot over 100 unge, ivrige handballspelarar som held det gåande i seks timar i idrettshallen vår.

 

Heile 19 minikampar blir avvikla i Fitjar i dag, 12 jentekampar og 7 gutekampar, alle i åtteårsklassen. Spelarane representerer ni lag frå Stord, fem lag frå Kvinnherad, tre lag frå Tysnes. I tillegg stiller vertsklubben Fitjar med eitt jentelag. 



Martine Fredlund leier oppgjeret mellom Stord 6 og Kvinnherad. Foto: Kjetil Rydland. 

Som vanleg er det eit yrande liv i Fitjar kultur- og idrettsbygg under turneringa. Slekt og vener på tribunen og ute i foajeen gir stor omsetnad i kiosken, som kan by på ein variert meny. Vonleg gir salet handballgruppa ei kjærkomen inntekt.

Denne gongen er det ikkje nokon som viser målstillinga under kampane. Men det er heller ikkje nødvendig. På dette nivået blir ikkje resultata skrivne ned, sjølv om enkelte er opptekne av å vinna kampane.

Her er det fokus på aktivitet og speleglede. Og begge delar har me sett i rik mon. Så vidt me kunne sjå i Fitjar sine kampar rann det inn mange mål begge vegar, til stor jubel for spelarar og støttespelarar på tribunen.

Leiar i handballgruppa, Liljan V. Waage, står i bresjen for det store arrangementet, i tillegg til å leia laget sitt frå sidelinja. Her har ho fått god hjelp av bror sin, Thomas Vestbøstad Waage, som er far og støttekontakt.

Elles er Mette Haldorsen og resten av handballstyret særs aktive, det same er  store og små handballfolk som hjelper til i kiosken, og med sal av appelsinar på Rema 1000. I tillegg stiller damelaget med dommarar.

Måtte me sjå mange av dei lovande handballspelarane igjen i hallen vår i framtida.

Sjå oversikt over kampane på heimesida www.handball.no

I skrivande stund startar gutekampane, så det er enno ikkje for seint å få med seg handball om du føler du har forsømt deg i føremiddag. 




Hilde Koløen og Ingalill Vold tar imot betaling på vipps. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Malene Vold Waage hadde mange fine mål. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

Oversikt over kampane i Fitjar søndag 11.02.18

11:00 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Kvinnherad Stord 6

11:00 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 3 Fitjar

11:25 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Kvinnherad 2 Stord

11:25 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 4 Tysnes

11:50 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 2 Stord 6

11:50 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 3 Tysnes 2

12:15 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Kvinnherad Stord

12:15 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 5 Tysnes

12:40 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Kvinnherad 2 Stord 2

12:40 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 4 Fitjar

13:05 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Stord 5 Tysnes 2

13:30 Hordaland - Jenter 8 år (2009) Kvinnherad 2 Tysnes

13:55 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Kvinnherad Stord

14:20 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Kvinnherad 2 Stord 3

14:45 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Kvinnherad Kvinnherad 3

15:10 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Kvinnherad 2 Stord

15:35 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Stord 2 Tysnes

16:25 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Kvinnherad 3 Stord 2

16:50 Hordaland - Gutter 8 år (2009) Stord 3 Tysnes

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Vintereventyr i fjellet!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Utsikt frå Mølle 1 nedover Blekjet. Foto: Kjetil Rydland.  Vintereventyr i fjellet! Det har vore reine eventyret i Fitjarfjellet dei siste dagane, og med dei siste vêrmeldingane kan me gå ei strålande...

Les meir ...

Gratulerer med dagen og lapppen!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Marte Rimmereid, 18 år og nybakt sjåfør.  Gratulerer med dagen og lapppen!   Gratulerer så mykje med 18-årsdagen og lappen, Marte Rimmereid!

Les meir ...

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på…

23.02.2018 Jonas Sætre

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på Fitjar I dag tidleg vart den afghanske familien som har sete i kyrkjeasyl på Fitjar henta av politiet. Ordføraren i Fitjar reagerer med vantru.

Les meir ...
annonse

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fitjarskyttarar på feltsamling

24.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjarskyttarane på standplass i dag. Foto: Privat.  Fitjarskyttarar på feltsamling Samlaget arrangerte i helga feltsamling på Kalland, skytebanen til Haugesund og Sveio, med fleire ivrige skyttarar frå Fitjar.

Les meir ...