Måndag 23. April 2018



Tore Thomassen sjekkar ankerlokasjonar i Bjørnafjorden. Foto: Statens vegvesen. 

Ferjefri E39: Jordskjelvjakt i Bjørnafjorden

– Skred i Bjørnafjorden kan skje, og det må vi vere førebudde på. Konstruksjonane må vere robuste nok til å tole dette, seier overingeniør Tore Thomassen.

 

Det er få arbeid, om nokon, som har kartlagt skredhendingar i fjordar av den detaljgraden som Heidi Kjennbakken, Tore Thomassen og kollegaene deira gjer.

Når Bjørnafjorden får bru, som ein del av Ferjefri E39, har Statens vegvesen tilrådd ei flytebru som enten er endeforankra eller sideforankra. Den sideforankra brua treng anker for å halde den fem kilometer lange brua på plass. Her står det mellom to typar sideforankring, eller ein kombinasjon av dei to; sugeanker med ein diameter på 16 meter, eller ballastanker store som hus.

 


Heidi Kjennbakken, Mari Bruvik Nieuwenhuizen og Haflidi Haflidason om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars». Foto: Statens vegvesen.

Skred i fjorden

Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finne ut meir om kor utsett fjorden er for skred, og kor det kan vere mogeleg å plassere ankera som kan halde ei heil bru på plass.

– Ballastankera fyller vi med stein, ofte olivinstein som har høg eigenvekt. Ballastankeret skal ligge på eit stødig underlag, fortel Thomassen, som jobbar på Utviklingsprosjekt fjordkryssingar i Statens vegvesen.

Eit sugeanker er ein bøtteforma konstruksjon som vi senker ned på havbotn med opninga ned. Når vatnet blir pumpa ut av ankeret blir det skapt  eit undertrykk inne i konstruksjonen, og ankeret blir sugd mot botn.

– Vi prøver å finne ut kor det går skred i fjorden så vi kan finne ut kor vi kan plassere anker, seier Thomassen.

 

Kva har løyst ut skred?

På havbotn har det blitt gjort undersøkingar for mellom anna å finne ut kva kvalitet jordmassane har. Ut frå jordkvaliteten kan geologane seie noko om faren for skred.

– Stor nok påverking, som eit stort jordskjelv, vil  kunne utløyse skred. Vi kan sjå at det har gått skred i Bjørnafjorden tidlegare, seier Thomassen.

Kor tid skreda har gått jobbar Heidi Kjennbakken med å finne ut av.

– Hovudgrunnen til at vi ønskjer å datere skreda er for å forstå om dei  vart løyst ut etter landheving etter istida, eller om det har skjedd i moderne tid, seier Kjennbakken.

Basert på data frå eit tidlegare tokt fann Multiconsult og Norsk geotekniske institutt (NGI) 32 ankerposisjonar, i tillegg til reserveposisjonar for alle ankera. På dette toktet jobba Kjennbakken og hennar kollegaer med å samle data for å kunne finne dei aller beste ankerposisjonane, i tillegg til å finne ut kva som er på botn av Bjørnafjorden.

– Vi visste ikkje at det var så mange store og små skred i Bjørnafjorden. Kanskje vil det vere sannsynleg at ein finn det same i andre fjordar. Difor kan dataene også interessante for andre forskarar. Universitetet i Bergen vil nytte dataene til å sjå på skredhendingar og avsetningsprosessar i ein større geologisk samanheng, seier Kjennbakken.

 

Tyder på gamalt jordskjelv

Med hjelp av akustikk samla opp av ein ROV, undervassrobot, har geologane funne ut  at  fleire skred sannsynlegvis har vorte løyst ut samstundes, som igjen tyder på at det har skjedd som følgje av eit jordskjelv. Denne tolkinga må dei framleis dokumentere gjennom å finne ut kor gamalt skreda er.

– Aldersbestemminga er ein viktig del av arbeidet for å forstå kor tid dei store skreda gjekk og kva som var utløysingsmekanismen, fortel Kjennbakken. 

 


Haflidi Haflidason og Julie Zweidorff har fått kjerneprøvane inn i laboratoriet på UIB.

 

I laboratorium

På ROV-en vert det montert på botnpenetrerande ekkolodd som gjev høgoppløyselege bilde. På toktet blei det også tatt kjerneprøver av botn på Bjørnafjorden.

Leira skal no identifiserast i eit laboratorium på Universitetet i Bergen.

– Skredsedimenta kan vere utfordrande å identifisere sidan alt er leire. Når vi opnar kjernen ser alt ut som brungrå leire, seier ho. 

– Når sedimenta er identifiserte tar vi prøver frå laga over og under skreda til karbondatering for å aldersbestemme skreda. Karbonalderen over skredet seier noko om yngste alder på skredet, medan alderen under skredet seier noko om kor mykje sediment som er blitt forstyrra av skredhendingar i området, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Til hausten igjen skal Thomassen og kollegaene samle meir data om skråningane i fjorden.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...
annonse